Stølsdag på Vona.

Naustdal sogelag har gjennom 10 år laga 12 stølshefte. Alle stølane i Naustdal frå ytterst til innerst er med. No er det store støls-prosjektet ferdig. Dette vil vi markere med ein stølsdag på Vona søndag 16. august.

Det vert slått med langorv og stuttorv, dei som ynskjer kan få prøve. Det vert og hesjing.

Det blir båtskyss frå Leite frå kl. 11.00. Alle som har må ta med rednigsvest.

Kl. 13.00 ymse program med musikk, orientering og helsingar.

Ta med dykk god niste og kle deg for å vere ute . Det vert kokt bålkaffe.

Alle er velkomne!

Styret i Naustdalsogela

Kontaktinfo: Leiar Atle Kringlen tlf: 975 37 057

Dette innlegget vart lagt inn i Sogelaget. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.