Ho gamle Ane på Ækrå

Livslagnaden til ei husmannsgjente i Naustdal.

Kring 1800 for umlag 175 ar sidan, var der ei lita stove i Inlogene, som var plass under Indrekvam. I denne stova var ho Ane født 3je okt. 1815. Foreldra hennar var Ole Anderson Rognebakke og Kari Madsdotter. Ho Ane hadde fleire brør, men kor mange veit vi ikkje. År 1821 hende ei syrjeleg skredulukke. Eit snøras kom med bulder og brak og sopa med seg stova i Inlågene, og alt som i den var. Grannarne kom springande og tok til a grave i snøfonna. Dei fann henne Ane. Henne var det liv i. Men begge foreldra og brørne hennar grov dei fram som lik. Dei spikra saman likkister op køyrde til kyrkjegarden i Naustdal. Vesle gjenta, ho Ane, tok dei til seg på Fletene. Der vaks ho opp.
På sine gamle dagar fortalde ho at husbonden var ein streng herremann, som sette henne til arbeids bade seint og tidleg. Der var omgangskule den tida, men ho Ane måtte vera heime og arbeida, so ho gjekk på skulen berre i 4 dagar. Det vart heile hennar skulegang. Men kona på Fletene var snild. Om sundagarne lærde ho henne fyrst bokstavarne, seinare å stave og so til slutt og reinlese. Det var kona på garden som las teksten om sundagarne, Då hadde ho henne Ane ved sia av seg og peika på når ho las. Gjentorne lærde ikkje a rekne og skrive den gongen. Det var berre gutarne som fekk lære det. Då ho var so stor at ho kunne gjera like for seg, for ho rundt på gardarne som tenestegjente.
Å vera tenar vart henna jobb heile livet. Ho vart ei velvaksa og kjekk gjente. Snill var ho, og eit ljost humør hadde ho. Den tid var det mange fleire gutar enn gjentor i bygda. Det var derfor stor konkuranse millom gutarne når dei gjekk på frieri. Ho Ane hadde nøgda av friarar. So ein preikesundag vart det lyst til ekteskap for henne. Når det var lyst for nokon, sa presten: «Dersom noen har noe og invende mot dette ekteskap, må de si fra i tide.» Det vart ikkje lenge fyrr han Kristian Madsson Hukset kom til presten og fortalde at han og var trulova med henne Ane, og kravde at han ville gifte seg med henne. Det er fortalt at det vart eit durabelt slagsmål millom desse to friarane. Enden på visa vart at ho Ane gifte seg den 8 juni I840 med han Kristian Hukset. Ho var da 25 år, og han var 30 år. Same året fekk dei ei dotter, som vart kalla Karolina. Det’var ho som seinare heitte Karolina i Øya, og sume kalla henne Karolina med Veien.
Det vart eit kortvarig ekteskap. Han Kristian døydde, og so sat ho Ane igjen som enkje med veslegjenta si. Men alt i 1842 gifte ho seg oppatt med Anders Kerspinison Hornes. Då var ho 27 og han 40 ar, I 1843 var dei tenestefolk i Smådalene. Dei fekk ei dotter som dei Kalla Karen Marie. Ho tente mange år i Batalden. Kom seinare til Florø. Ho var ugift. Seinare fekk dei ei gjente til som dei kalla Rise. Som vaksa reiste ho til Nord Norge og vart gift i Norland. Ho kom aldri meir heimatt til Naustdal. Ken so var vanlagnaden igjen ute.- Han Anders, mann hennar Ane, vart sjukleg og arbeidsufør og greidde ikkje a livberge seg. So matte dei skilje lag. Han vart send på legd frå gard til gard so lenge han levde, og ho vart terne på ymse gardar i bygda.
Da ho var 70 år kom ho til Ækrene, der ho Maria og han Daniel var husbondsfolk. Det var enda det året han Per var fødd. På Ækra hadde dei bruk for ei påliteleg barnegjente. Ho vart ogso barnegjente for dei tre døtrene på garden. Sara, Elisa og Stefina. Eit år reistc ho ut til Vatne. Sin dag han Daniel var i Naustdal trefte han husbon-Vatne, Bom fortalcle at ho Ane gret kvar einaste dag og lengta atende til Ækrene.
Det var so gneistrande kaldt den vinteren at isen la seg på fjorden. So ein dag tok Daniel hesten og køyrde av garde for å hente henne Ane. Han køyrde sjøisen frå Naustdal til Helle og derifrå opp til Vatne. Det var ei smilande og glad Ane som sat i sleden då dei kom inn pd Ækretunet. So fekk ho igjen den gamle sengeplassen sin på kovelemmen. Ho arbeidde med eit kvart like til det siste. Ho karda og nøsta, vaska og bøtte. Bar inn vatn og ved, passa småbarna, og om sumaren kokte ho ma ten når dei andre var på utearbeid. Var det ikkje noke anna å ta seg til, sat ho og strikka.
Um sundagarne nar det var fint veir, rusla ho ned til eldste dotter si, ho Karolina i øyå, som hadde stova si attmed gamlevegen på Ækrebøen ned med storelva. Preikesundagarne fekk ho køyre med til kyrkja når ho hadde lyst til det. Ho ville so gjerne gå til alters.
No var det blitt slutt med å sende fatigfolk på legd frå gard til gard. Dei som var på fattigkassa vart bortauksjonerte til dei som tok på seg a ha dei eit heilt år. Dei som forlangte minst betaling fekk som oftast tilslaget. Det var lite kontante pengar den tid so det var mange som såg seg mun i å få ei biinntekt av å ta til seg slike som var på fattigkassa.
Han Daniel Ækrå var med i fatigkomisjonen. Ho Ane visste kva dag i året dei auksjonerte bort fattigfolk. Da gret ho, for ho var redd at ho skulle under auksjonshamaren og matte reise frå Ækrene. Men då trøysta ho Maria, kona hans Daniel, henne med at ho skulle fa vera hjå dei so lenge ho levde. I 1909, det året ho Stefina, sorm seinare vart kona mi, vart konfirmert, bestemte han Per, bror hennar, seg for å reise til Amerika.
Då fekk ho Ane det travelt med a strikke sokkar til han Per. Ein dag dei skulle setja seg til bords, vart ho sitjande på stolen etter at dei andre tok til a eta. So reiste ho seg og sa: «No er amerikasokkarn hans Per ferdige.» Det vart det siste ho sa. Ho gjekk fram to steg og so datt ho i golvet. Ho hadde fått slag og var lam på eine sida. Dei flytte senga frå kovelemmen ned koven og der låg ho i 14 dagar fyr ho sovna inn for godt. Då var ho 94 år. Dei på Ækrene kosta gravferda hennar, og grannar og vener og kjenningar fylgde henne til den siste kvilestaden på kyrkjegarden i Naustdal. Dei siste 24 åra hadde ho havt sin heim på Ækrene, og difor kalla dei henne ho gamle Ane pa Ækrå. Ho Ane var ein tenar for andre heile sitt liv. Ho kravde so lite for seg sjølv, men ho spreidde solskinn og glede og trivsel ikring seg til andre. Ho var i sanning ein kvardags kristen. Grava hennar er for lenge sidan ei grav millom tusen andre gløymde graver, men ho Stefina, som var minste gjenta på Ærene, set no her i Skien 80 år gamal og lovprisar henne Ane, Ho minnest med takksemd alt ho var for henne.

Dette innlegget vart lagt inn i Artiklar. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.