Sogelaget har fått ei avtale med Sunnfjord Museum v/avd.dir. Gunnhild Systad.

«Gratis gard? – Nei, takk» lyder førstesida i Firda 24 April. Historikar Kåre Lunden vil donere barndomsheimen sin til Naustdal Kommune. Saka aktualiserer tur til Sunnfjord Museum som truleg kan fortelje om det å ta vare på gamal tid. Sogelaget innbyr medlemane sine, kommunen (ordførar, formannskap og kulturkontoret), pensjonistlaget og alle andre til denne turen.
Da vert det slik..
Tysdag 15. mai tek vi turen til sunnfjord museum
oppmøte ved kommunehuset kl 13.15
felles transport til museet kl 13.30
mottaking på museet kl 14.00
Ring Åse Skåden Erdal 47641063 eller
Aud Jonstad Baardsen 90943746
for å sikre plass i bil eller buss..
Vi besøker Sunnfjord Museum 15 Mai kl. 1400 til omlag 1600. Programmet vert velkomen ved Gunnhild som vil halde eit foredrag om m.a kva rolle museet har for Sunnfjord, litt historikk og små historier frå opprettinga av sunnfjord museum, tankane bak det osv. Deretter tek ho oss med på ei omvisning m.a. til Brennevinsstaua frå Naustdal.
Meir opplysninger seinare her på heimesida og andre stader.
Onsdag 14. mars kl. 19.30, Kommunestyresalen i Naustdal
Alle medlemer og ikkje medlemer er velkomne til Årsmøte. Annonse i Firda kjem Tysdag 13 mars.
I tillegg til vanlege årsmøtesaker vert det invitert til diskusjon om registrering og ivaretaking av gamle bygningar og bygningsmiljø i kommunen. Laget har registrert at forfallet og rivningstakta går fort. Held det fram i same tempo blir det snart ikkje slike bygningar igjen. Det vert også orientert om den rause gåva til kommunen frå professor Kåre Lunden , “Lundentun”, og korleis denne saka står no. Egil Terøy vil presentere og orientere om dei gamle båtmotorane han har samla i Litle Høydalen. Som vanleg vert det kaffi og Åsekake å bite i. Alle er velkomne.
Bilete frå årsmøte 2010
Bilete syner to hus som ikkje er meir. 
Ja tak vare på filmen. For all del ikkje kast filmen du fekk att etter kopiering av bilete. Han tek liten plass og kan koma til nytte. Ein billig skanner kan og skanne filmar. Finn du gamle filmar eller glasplater, er dei gull verd.
Dei beste bileta blir borte først, anten dei blir nytta til passbilete, eller blir sendt til slekt og venar. Eller dei blir hengt på veggen og blir øydelagd av sollyset.
Sogelaget samler inn bilete og finn ofte eksempel på det nemnt ovanfor. Her fylgjer to døme.

Bilete er falma av lyse. Fargane er tapt, men som svart kvitt bilete går det greit. Hadde vi hatt filmen kunne bilete vore redda.

Her er eksempel på at det er klypt ut deler av bilete. Da er filmen god å ha.
Stikk innom kyrkjelydshuset Torsdager. Da er vi til stades. Ta med tips til neste sogeskrift og ta med bilete til kopiering. Sogelaget har interresse av alt som har med fortida å gjere. Vi har ei solid biletsamling, men ynskjer meir kanskje noko nyare bilete. 1930 til 1960 men og bilete frå 70 – 80 Åra. Bilete er frå Torsdag 19 Januar og det er Bjarne Erdal og Ludvig Løvik i samtale med biletgranskaren Inge Fitje

Her kjem alle tilbakemeldingar vedr. sogeskrift 2011.
Hans Hvidsten seier om Jenny Barstad:
– Jenny Maria var lege i Oslo. Cand.med 1949, spesialist i psykiatri 1963 og klinisk sosialmedisin 1964. Opplysning fra Norges leger 1996.
Inge Eiksund seier om bilete 1 side 43:
— Nokre namn er feil Rett skal være:
«Her er Nils Ullaland (i Tuna) f. 1838 med nokre born og borneborn. Framme frå venstre Nils, Maria Nydal, Hanna Nydal Eiksund, Maria Ullaland Fitje. Bak f. v. Anna Ullaland Kleiva, Tomina Ullaland Birkeland og Birte Marie Ullaland»
Skriftstyret har laga merkelapper til å lime over. Dei får du på kommunehuset , Rolf Haugnes, Odd Byrkjeflot 99613190 og Inge Fitje. Nye hefte har fått ny tekst.
Eldbjørg Aamot seier til Ada om bilete 2 side 71:
— Det er Elias Aamot som står utafor huset på Åmot. Ifølge NB2 s204 finn eg ein Elias Aamot f. 1872. denne Elias var ordfører i Naustdal frå 1929 – 1938.
Ring 99613190 og meld deg inn i Sogelaget. Då får du årets sogeskrift i postkassa gratis. Det koster 175,- å vere medlem og då støttar du sogearbeidet i Naustdal.
I år er sogeskriftet ekstra stort, heile 112 sider. Vi kallar det jubileumsskrift avdi det er 20. årgangen. Av innhald kan nemnast mange gamle bilete, t.d. framsida syner eit bilete frå Ada’s album, det er fleire bilete frå albumet inni skriftet. Det er vidare skrive om ei bestemor på Skaflestad og om Lassestaua på Fimland. På Ullaland reiste ein odelsgut til Amerika, og han kom ikkje attende for å ta over garden. Det skapte problem heime. Vidare er det mykje om korleis dei levde i Amerika. Einar Eimhjellen fortel korleis det er der borte no i nyare tid. Andre stikkord er bautaen i sentrum og på Fimland. Ein tale av Magnus Grimset 17. Mai 1949 kan og nemnast.
Det er mykje meir, ja heile 112 sider.
Du får kjøpt skriftet i butikken og banken, kjøper du 5 stk får du eit gratis. Pris kr 150,-. I banken kan du supplere med gamle sogeskrift til kr 33,-, tilbod berre i desember. Sogeskriftet for 2010 og 2009 koster derimot kr 100.
Ring 996 13 190 og meld deg inn i Sogelaget. Då får du årets sogeskrift i postkassa gratis. Det kostar kr 175,- å vere medlem og då støttar du sogearbeidet i Naustdal.
Sogelaget hadde sin faste plass denne Sundagen. Temaet var «Fjørevandring frå Ragnvalden til Meieriet» altså motsett vegvandring i forhold til tidlegare. Pga. regn og lite deltaking på vandringa vart det snakka om å annonsere vandring ved eit seinare høve og forhåpentlig med betre vær.

Mange besøkte teltet og diskusjonen var bred. Bilete frå gamle dager var hengt opp omkring i teltet og var utgangspunkt for diskusjon om strandsonen. Eit nytt ukjend bilete var dukka opp. Sjå under her. Her kan ein sjå eit hus verte bygd. I sogehefte 2003 side 35 kan ein lese: « ’Uti Tuna’. Dette gardstunet til bruk nr.1 før flyttinga for 50 år sidan. Det staslege våningshuset vart oppførd i 1918 av Bendik Erdal. Sonen Eiliv flytte gardstunet til nord for heradshuset, og yngre son Harald tok over gamletunet. Han dreiv telefonsentralen og pelsdyral m.m. « Huset står uforandra den dag i dag. Eit av dei få gamle husa som er att i Naustdal sentrum.

Bilete er eit utsnitt av eit postkort og det er Johannes Furehaug som har teke det. Altso 1918. Bilete syner at fjorden gjekk heilt inn til dette huset.
Naustdal Sogelag har vedtak på at huset bør bevarast for ettertida. Til det har for mange gamle hus i sentrum blitt fjerna. No står og det gamle samyrkjelaget for tur.
Sogelaget har ikkje resursar til vedlikehald / flytting.
Tambarskjelvar ved Arne Grimset meinte at Tambar kunne nytte huset til sine aktivitetar. Elles er det eit fint hus å nytte til kulturaktivitetar so som utstilling/galleri med meire
Det følgjer historie med til huset. A.M.Erdal bygde huset i 1905. Han sa frå seg garden i Melkevika og bygde ny gard her.
Kunne ein flytta huset til sanden??
Fleire bilete finn du HER

Denne sto i Firda for ei tid sidan. Tek han med her. Andreas var son av Anders Olsen Indrebø og Nikoline Johannesdotter frå Espe. Nokon som veit?