Om Sogelaget

Naustdal Sogelag.

I 1988 vart det i Naustdal vald ei kommunal sogenemd, i denne nemnda sat: Olav Stendal (leiar), Sigrid Gjelsvik (nest leiar) Jakob Slettemark, Joar Stegane, Odd Skaflestad, Erling Kleiva og Jakob Thingnes. Sogenemda hadde funne ut at dei ynskja bygdebøker for Naustdal, det var dette som var grunnen til at det etter kvart vart starta sogelag, etter eit råd frå ordføraren i Naustdal som meinte det var lettare å få finansieringa av bygdebøkene i orden når det var ein frittståande organisasjon som dreiv dette bygdebokarbeidet. Sogenemda tok ideen til ordføraren og skipa Naustdal Sogelag, skipingsmøtet vart 29. november 1990.

I byrjinga fungerte sogenemda som eit interimstyre for sogelaget saman med kulturstyre- leiar Kjell Klopstad. Det fyste styret i Naustdal Sogelag var: Joar Stegande (leiar), Kjellaug Eimhjellen, Aud Jonstad Baardsen, Jakob Thingnes og Jetvard Kalland.

Det fyrste sogeskriftet kom ut alt til jul i 1990 « Samspelet mellom bygd og elv.» Dette var eit samarbeidsprosjekt med Sogn og Fjordane Forlag og Horstad skule. I dei 25 åra som sogelaget har eksistert har vi gitt ut sogeskrift kvart år bortsett frå i 1991 og -94, i to år har det vært andre skrift som har vært utgitt det var i 1995, då med heftet «Natur og kultur i Naustdal» og i 1996 med jubileumsskriftet «Naustdal 100 år.» Desse to hefta var eit samarbeidsprosjekt med Naustdal kommune.

I juni 1995 kom første band av bygdebøkene ut det var gards og ættesoga frå og med Horne til Gamlebrua i Naustdal. I 1997 kom band II, gards og ættesoge frå og med Gamlebrua til og med Vona, på begge sider av dalen. I november 1999 kom siste band i bygdebøkene, då med allmensoga so no er bygdebøkene komplett med tre bind. Vi har fremdeles noko igjen av bygdebøkene og dei kan ein kjøpe ved å ta kontakt med biblioteket. Det var satt ned ei bygdeboknemd og den nemnda besto av: Olav Stendal (leiar), Sigrid Gjelsvik, Joar Stegane, Erling Kleiva og Jakob Slettemark. På grunn av innsatsen med Bygdebøkene fekk Naustdal sogelag kulturprisen i 1999. Sidan 10 års jubileet i 2000 har det vært utgitt sogeskrift kvart år. I 2010 gav Sogelaget ut heftet «Her er so fagert ved høge lid» – dikting og diktarar frå Naustdal og Vevring i tillegg til Sogeskriftet. Dette er ei hylling til diktarane våre.

Sogelaget har i fleire år samla inn mykje gamle bilete, her er det Odd Byrkjeflot som har vært primus motor. Vi forsette å samle inn bilete og vi set stor pris på om spesielt folk i fjordområdet tok kontakt, for vi manglar bilete frå Redalen, Gryta, Vevring, Horne og Kvellestad. Sogelaget har i år inngått avtale med fylkesarkivet, når det gjeld biletsamlinga. På fylkesarkivet sine sider vil det etter kvart dukke opp bilete frå Naustdal Sogelag si samling. Der vil bileta bli tatt vare på for ettertida. Ynskjer ein å søkje i fylkesarkivet sine bilete kan ein gå inn på denne sida: http://www.fylkesarkiv.no/foto

I 2019 sto sogelaget i bresjen for å få sett opp ein bautastein på Sanden i Naustdal over bygdas store son Mons Litleré. Dette var eit samarbeid mellom Naustdal Sogelag og Naustdal Mållag. Minnesteinen vart avduka på Sanden søndag 25. august 2019.

Naustdal Sogelag har også starta med å lage stølshefter for Naustdal. Det første hefte som var eit prøveprosjekt kom i 2015. Det var stølshefte for Åsedalen. I etterkant har det komt fleire stølshefte. Det er:

  • Stølane frå Kringla til Einevollen (2019)
  • Birkeland og Heien sine stølar (2019)
  • Stølshefte for Herstadstølen, Kleivastølen, stølane i Hydalen og Tuftedalen.(2019)
  • Stølshefte for stølane til Berg, Svoa, Fimland, Nes, Svorstø, Vonastranda og Vona. Med kulturhistorie, hyttene og friluftsområde. (2020)
  • Stølsdagbøkene til JohanIndrekvam frå Vonastølen (2020)
  • Stølshefte for Gardalen, Trodalen, Bruflot, Reinene, Øyjorda, Skaflestad, Espeland, teigen, Savland, Sunde og Slettemarka. (2020)

Det er på trappene eit stølshefte for Kalland til og med Kvame, dette vil komme i løpet av første halvår av 2021.