Det var godt oppmøte i kantina på NBU Torsdag 17 september kl. 1900. Det møtte fleire med god kunnskap om fortida i Naustdal. Det vart notert over 50 potensielle kulturminner «Rundt Naustdal».
Glimt frå arbeidsøkt .
Litt om bakgrunnen for samlinga saksa frå Naustdal kommune si heimeside:
«Samlinga er del av Kulturminnedagene, ei europeisk satsing for å vise fram kjent og ukjent kulturarv for folk flest. Kulturvern forbundet har regien i Noreg, og du kan lese meir på deira nettsider.
Vi vil utvikle kulturløyper i Naustdal. Vi ser stort potensiale i å kople og løfte fram kulturarv og -minner, kunst/skulpturar, naturvernområder m.m.og tilføre nye element langs eksisetarande og nye turstiar. På denne måten kan vi legge til rette for oppleving og formidling av kulturarv og kunst, friluftsliv og fysisk
aktivitet.
Vi startar med løypa «Rundt Naustdal» denne kvelden, og dokumenterer og registrerer kulturminner etter det kvar enkelt deltakar har av kunnskap og interesse:
- Samtale om kva vi har av minner langs løypa
- Tur med ressursperson som kan historie, nokon noterer, fotograferer, reg. kart-koordinatar, og tek opp film/lyd
- Digital registrering av info samla i forkant
- Fotografering
- Reinskriving av eksisterande tekst
- Mm.
Med helsing Naustdal kommune / Prosjektgruppa for kulturminneplan