Skitur ved Trollhytta 1950

Personane på biletet er frå venstre: Johannes Løtuft fødd 2. april 1919, død 19. februar 2005. Roar Aamot, fødd 1937. Inge Fitje, fødd 19. februar 1931. Leiv Solheim, fødd kring 1940. Einar Aamot som er tørst, fødd 1934. Moten i den tid var stort sett strekkbukse og strikkagensar, men som de kan sjå var det variasjon i moten i dei dagar også .
Trollhytta var eit viktig samlingspunkt for Florøfolk, eikefjordingar og naustdølingar.
Område på Ramsdalshei ved stova var mykje nytta om vintern som startstad for korte og lange skiturar, som oftast mot Blånipa eller Solheimsnipa dersom veret tillet det. Eikefjord Idrettslag hadde årleg lagsrenn der i 1940-50 åra.
Bygging av Trollstove tok til i 1946. Det var ekteparet Kristensen frå Flora som sette i gang med prosjektet. Lola Kristensen stamma frå Flora men trur mannen var frå Ålesund. Det gjekk segn om at dei hadd vore med i ei motstandsgruppe i krigsåra.
Sigurd Nordheim var byggmeistar.

Fotograf truleg Arvid Løtuft. Informant Inge Fitje.    *2293

Eitt svar til Skitur ved Trollhytta 1950

  1. Inge Fitje seier:

    Personane på biletet er frå venstre Johannes Løtuft fødd 2. april 1919, død 19. februar 2005. Roar Aamot, fødd 1937. Inge Fitje, fødd 19. februar 1931. Leiv Solheim, fødd kring 1940. Einar Aamot som er tørst, fødd 1934. Moten i den tid var stort sett strekkbukse og strikkagensar, men som de kan sjå var det variasjon i moten i dei dagar også .
    Trollhytta var eit viktig samlingspunkt for Florøfolk, eikefjordingar og naustdølingar.
    Område på Ramsdalshei ved stova var mykje nytta om vintern som startstad for korte og lange skiturar, som oftast mot Blånipa eller Solheimsnipa dersom veret tillet det. Eikefjord Idrettslag hadde årleg lagsrenn der i 1940-50 åra.
    Bygging av Trollstove tok til i 1946. Det var ekteparet Kristensen frå Flora som sette i gang med prosjektet. Lola Kristensen stamma frå Flora men trur manne var frå Ålesund. Det gjekk segn om at dei hadd vore med i ei motstandsgruppe i krigsåra.
    Sigurd Nordheim var byggmeistar.
    Fotograf truleg Arvid Løtuft.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.