Korleis bla i fotoalbumet
Fotoalbumet viser alltid dei nyaste bileta (då dei vart lagt til i albumet) først.
- Ved å trykke «Bakover →» får du fleire bileter lagt inn tidligare.
- Ved å trykke «← Framover» får du fleire bileter lagt inn seinare.
- Det jobbast med å kategorisere bileta og du kan velge ein kategori i menyen til venstre.
- Om du vil spesifisere årstal (då bilda er teke), kan du velge dette i menyen til venstre.
- Velger du kategorien «Grend» vil du få opp ein ekstra meny der du kan spesifisere ei av grendene.
Søketips
Du kan søke på bileter med nøkkelord som navn på personar, stader, grend oa.
Kombinér gjerne fleire nøkkelord, som t.d.: «jenny slåmaskin».
Om søket gir fleire enn 10 bileter, vil du kunne bla i søkeresultatet. Dei nyaste bileta lagt inn i albumet kjem først.
Har du trykt deg inn på eit av bileta, kan du bruke «tilbake»-knappen i nettlesar-programmet ditt for å sjå søkeresultatet igjen.
Legg til eit innspel
Om du har kommentarar til eit bilete, har du moglegheit for å legge inn dette under kvart bilete.
Vi set stor pris på slike innspel, anten om dei kan gi meir oppklarande informasjon om bileta, eller om du berre ynskjer å «mimre» litt.
Dette er åpent for alle. Diskutér gjerne med kvarandre her.
NB: alle innspel vil bli kontrollert før dei blir publisert på sida, slik at det kan ta noko tid før dei blir synlege.