Sildehenting ved iskanten

Vinteren 1944/45 var hard, og isen la seg langt utover fjorden. Dampen kom ikkje lenger enn til Frammarsvika , og varer og post måtte lastas. om og fraktas vidare med hest. Her ser vi lossing av sild ved iskanten. Bøndene like oppe frå Naustedalen og frå Førde køyrde med hest og slede ut til iskanten for å få seg nokre kassar med sild. Det hende det kunne være meir enn 50 hestar på isen. Foto: Jakob Slettehaug, Eigar av bildet: Oddvin Kringlen

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.