Det er kalla inn til møte om framtida til huset. Brev er gått ut til organisajonane nemnd under her. Møtetid er Onsdag 12. jan. kl. 19 på kommunehuset. Føremålet er å kartlegge interessa i å ta vare på huset. Kommunen har kjøpt tomta og skal bygge barnehage. Kommunen er «kjend for å rive gamle hus» Sogelaget og andre initiativtakarar vonar det er interesse for å nytte huset.
— Tambarskjelvar IL v/Jørn Helgheim
— Naustdal Sogelag v/Per Storegjerde
— Naustdal Pensjonistlag v/Bertel Meek
— Naustdal og Horstad Bygdekvinnelag v/
— Ordførar Håkon Myrvang
— Leiar i komiteen for kultur og oppvekst Magnar Falkenstein
Audstein Erdal sitt hus til høgre på bildet med flaggstong. Eit stasleg hus.
Sitat frå Naustdal Bygdebok I side 788. Bruk nr. 24 «Bøen». Skild ut frå bnr.2 i 1908
Anders Martinus Erdal var ein «halden» mann, sjå oversikt lengre nede. Han fekk skild ut eigedomen i 1908. Huset skal vere bygd 3 år tidlegare i 1905. Frå 1897 til 1906 åtte han bruk 5 «Melkevika». Audstein tok over i 1964 og no er kommunen eigar.
Anders Martinus Andersen Erdal
Personalia: Født 11.05.1856, Ramstad i Naustdal.
Sønn av lærar og gardbrukar Anders Henriksen Erdal (1821-1900) og Hille Madsdotter.
Utdanning og yrke: (Henta frå samfunnsveven.no)
Eksamen – Balestrand lærarskule (1877)
Elev – Med stipend til opphald ved lærarkurs (1891)
Elev – Med stipend til opphald ved lærarkurs (1896)
Lærar – Naustdal
Revisor – Overformyndarrekneskapane, Naustdal
Heradsrevisor – Naustdal
Adm. dir. – Naustdal Brandforsikringsforening
Lærar og kyrkjesongar – Naustdal (1888-1922) (1. jan. 1888-30. juni 1922)
Gårdbruker – Bøen i Naustdal (fra 1906) (kjøpte gården)
Direktør – Naustdal Sparebank (fra 1922)
Anders Martinus Erdal var stortingsmann for Venstre i to bolkar, først møtte han som varamann og 1918-1921 som fast stortingsmann. Det var siste perioden det var einmannskrinsar.
A.M. Erdal var ordførar i Naustdal
Formann i forliksrådet
Formann i Sunnfjord indremisjon
Overformyndar i Naustdal
Skipa Naustdal branntrygdelag
Var med å skipa austdal sparebank
Var sentral i skipinga av Sunnfjord ungdomsskule, folkehøgkule