Det møtte i underkant 20 personer på årsmøte som ble holdt på Hojen Kafe. Per Storegjerde ynskte velkomen og orienterte om programmet for kvelden. Viser til fullstendig årsmøtereferat ein annan stad.
Desse ble vald Leiar : PER STOREGJERDE Styremedlemar : Odd Byrkjeflot : Magnar Falkenstein : Magne Sæterlid (ny) : Erling Andvik (ny) : Åse Skaaden Erdal (vara) : Arvid Slettehaug (vara) Skriftstyre : Uendra Valnemnd : Uendra Vandrarnemnd : Uendra
Styret orienterte om ynskje om å gjenopprette grendakontakt nettverket som utførte eit stort arbeide ved å samle inn opplysninger til bygdebøkene.
Aud Slettehaug viste film og fortalde om luftslaget over Førdefjorden. Det var mange av dei framøtte som hugsa og fortalde om sine opplevingar av dette. Ove Frammarsvik, Sigurd Buanes, var augevitne til angrepet på båtane, Karl Gjelsvik såg på at eit bombefly vart nedskote. Inne i dalen var Einar Eimhjellen og Haldor Herstad augevitne til luftkampane, Haldor såg truleg nedskytinga av den høgt dekorerte tyske jagarflygaren Rudi Lenz.
Det var no tid for matøkt med servering av kaffi, lefser og kaker
Etter endt matøkt slapp kåsørane til.
Leif Slettehaug synte bilete av gamle båtar og aktivitetar frå fjorden og fortalde om frakteruter og posttrafikken her.
Einar Eimhjellen synte film, foto og lydband frå eige opptak. Årsmøte fekk eit godt innblikk i dagleglivet i Naustdal frå 60 åra og fram til i dag. Han hadde ogso mykje å fortelje om musikklivet i bygda.