Gamal utgåve
Styret i meldingsåret har vore:
Leiar: Per Storegjerde
Skrivar: Olaus Jonstad
Kasserar: Rolf Solheim
Styremedlem: Odd Byrkjeflot
Styremedlem: Magnar Falkenstein
Varalemer: Arvid Slettehaug
Erling Andvik
Skriftstyre:
Leiar: Harald Runde
Arthur Søgnen
Hallstein Erdal
Revisor: Halldor Herstad
Vandrarnemnd: Erling Andvik
Arthur Søgnen
Ola Dag Thingnes
Valnemnd: Aud Baardsen
Sissel Grimseth
Rolf Haugnes.
Lagsaktivitet:
Styret har hatt 6 møter og handsama 24 saker.
Medlemslista viser 193 medlemer. Tilgangen i meldingsåret er xxxx stk. Sjølv om dette må seiast å vere ei bra medlemsmasse, er det rom for mange fleire. Ved omdeling av årsskriftet , ser ein at det berre er eit fåtal av kassene skriftet skal leverast i.
Laget er gjeldfritt, og sat ved årsskiftet på ein bankkonto på kr. 122.931 . I tillegg har lageret av bygdebøkene og årsskrifta stor og stigande verdi.
Bygdebøkene må oppdaterast og fornyast med jamne mellomrom. Naustdal har fått eit særs godt bygdebokverk. Men det inneheld sjølvsagt ein del feil og manglar. Det gjer alle bygdebøker. Med tanke på oppdatering av ættesogene , som bør skje om 10 – 15 år fram i tid , er det viktig at dette arbeidet startar opp allereie no ved at medlemene i sogelaget skriv ned det dei ser av feil og manglar og sender det på papir eller digitalt til sogelaget som vil samle det .
Rekneskapen viser kr. xxxx i innkomer og kr. xxx i utlegg.
Sogelaget har ikkje arrangert turar eller andre tilstellingar for medlemene i året.
Laget tok del saman med Kulturavdelinga i Fylkeskommunen og Førde Sogelag i markeringa av driftevegane gjennom fylket og 150 års markeringa for mordet i Trodalen 21. juni der ein driftekar frå Aurland vart drepen. I samband med denne markeringa vart det over fleire dagar arrangert tur i fotspora til denne driftekaren frå heimstaden hans i Aurland og fram til Trodalen. Naustdal Sogelag sytte for at stien frå Instedalen Skule og innover mot Trodalen vart merka og litt rydda . Rolf Haugnes sytte for båttransport på Trodalsvatnet for dei som var dårlege til fots. Dessverre var oppslutninga moderat.
Denne ferdslevegen er faktisk den første riksvegen mellom Naustdal og Førde. Saman med dei andre tidlege ” riksvegane” til fjells fortener den meir merksemd. Her er det trong for meir merking og rydding.
Som vanleg tok sogelaget del i Sanden Søndag med eige telt. Dessverre regna mykje av dette arrangementet bort. Dei geografiske rammene for dette arrangementet er svært snevre , og det kan derfor ikkje bli eit årleg arrangement som samlar aktiviteten i Naustdal. Sogelaget la opp til historisk ” fjørevandring” med lokal kjentmann frå Kaia og inn til Rangvalden med gamle og nyare foto for å vise forandringane som har skjedd der. Dette kom innanfor den geografiske ramma , men regna fullstendig bort.
Styret har oppmoda og forsøkt stimulert Sigmund Svoen med hjelparar om at arbeidet med Utvandrarsoga for Naustdal på internettet må halde fram.
Odd Byrkjeflot har ordna med eiga heimeside for Naustdal Sogelag med link frå/til Kommunen si side , og forsøker å halde den oppdatert.
Inge Fitje har no fullført arbeidet med å digitalisere fotosamlinga. Det viser seg at ein del av fotoa som er nytta i bygdebøkene tidlegare er digitalisert av Fylkesarkivet og såleis sikra ei god framtid.
Styret har drøfta korleis ein kan sikre foto , smalfilm og lydopptak frå dei seinaste 50 åra for ettertida utan at ein har funne fram til ei god ordning. Etter Ingolf Eimhjellen skal det finnast mange lydopptak på kassettar frå folk som no for lengst er borte. Nye fell bort kvart år. Det er semje om at laget bør gjere noko med dette.
Styret har også drøfta saka frå siste årsmøte om krambua på Nyheim. Styret finn det svært vanskeleg å engasjere seg i så store prosjekt med den oppslutnad det er i laget . Det kjem meir inn under vanleg museale oppgåver.
Prosjektet om Naustdals-litteratur til biblioteket er ført vidare. Det same om utgjeving av utdrag av denne i neste årsskrift.
Stova på Jonstad har ikkje vore nytta av sogelaget i meldingsåret. Eigaren skal no ha rusta huset heilt opp og teke det i bruk.
Tunet til Audstein Erdal er teken over av kommunen og det er reist spørsmål om kva det skal brukast til framover. Sogelaget har oppmoda kommunen om at stovehuset bør takast vare på og nyttast til ulike lagsaktivitetar.
Sogelaget disponerer eit lagerrom i kjellaren på Kommunehuset saman med andre lag. Dette er ikkje fullnøyande , då det lett oppstår rot med fleire kokkar. Sogelaget bør arbeide for å få eige lagerrom.
Salet av bygdebøker går jamt , men kunne ha vore ønska større. Røynsler andre stadar i frå viser at bygdebøker er som med antikvitetar, meir interesanne og kostesame til eldre dei blir. Årsskrifta går tregare. Desse er no gjennom snart 20 år i grunnen svært variert og interessann lesnad som burde kunne seljast som seriar. Det er viktig for Sogelaget si målsetting med det årlege dryppet som årsskriftet i røynda er. Skriftet må ha med stoff frå heile kommuna , frå gamal og ny tid og frå alle områder folket i kommuna har vore og er opptekne av.
Styret har drøfta om folk frå kommuna har teke del i Jektefart til Bergen ,som er velkjent frå Sogn , Nordfjord og Dalsfjorden, og kva med sesongfiskeria ved Kinn og i Bremanger samt sildesjauing i nyare tid som er lite omtala og dokumentert.
Styret ser mange felt og områder det burde arbeidast mykje meir med , men saknar eldsjeler og oppslutnad til å yte frivillig arbeid.
Spørsmålet om etablering av eit bygdetun har vore drøfta. Sjølv om det truleg kan søkjast på , og ha von om å få betydelege offentlege midlar til eit slikt tun , er styret skeptisk til å ta på seg ei slik oppgåve.
Naustdal 6. febr. 2010.
Per Storegjerde Olaus Jonstad Rolf Solheim
Magnar Falkenstein Odd Byrkjeflot