Dalen Songlag 1957

På biletet ser vi Torfinn Byrkjeland til venstre og Anfinn Ullaland. Vi ser også litt av ryggsekkane deira. I 1957 i siste halvdelen av august var Dalen Songlag frå Naustdal bedne om å kome til Nesholmen i Hyen til det årvisse sommarstemne der for å synge og underhalde. Daniel Nordheim var dirigent. Turen over fjellet gjekk for mange gjemmom Hydale-Svartegjelet, andre gjekk gjnnom Vindalen. Dei aller fleste reiste over fjellet om laurdag ettermiddag og fekk husrom på ymse gardar i Eimhjella, Hjorteset og Solheim. Nokon av oss andre som ikkje var med i songlaget tok og turen over fjellet som «bisittarar» som Svenn Bromann brukte å seie. Alle både songarar og vi andre hadde det svært gilt både på stemne og hos huslydane som tok i mot oss, der alle fekk godt stell og kjennskap til Hyarane. Turen heimatt vart litt meir dramatisk etter kvart. Det var ikkje vegsamband mellom Hyen og Eikefjord 1957, så vi reiste med båt nedover vatna. Først Eimhjellevatnet, så gjekk vi ned til Krogstadvatnet, 15 til 20 minutt å gå. Der var rorskarar frå Lykkebøegna møtte fram for å føre oss vidare. Truleg var vi fleire enn dei hadde rekna med for båtane vart nærmast overlasta. Det tok og til å mørkne. Mellom Krogstadvatnet og Lykkebøvatnet måtte vi drage båtane, 2 stykke. Då vi kom til Lykkebøvatnet var det mørkt, men vi lasta inn og drog i veg, vi stola på rorskarane. Det var heil stille i båtane på veg nedover vatnet, men omsider såg vi lys i enden av vatnet. Det var Ingolv Eimhjellen som sto på Lykkebø med buss å venta på oss. Han hadde sett lysa på i bussen for å lose armadaen i land. Då vi såg lysa frå land stemde songarane i å synge. Det var vel ei form for glede. Ola Årset frå Lykkebø som var ein av rorskarane har fortalt i ettertid at det var dristig å laste båtane så langt over lastemerke men det var stille på vatnet og vi reisande sat heilt roleg i båtane så det gjekk bra. Det var ein minnerik tur som få av dei som var med vil gløyme.

Foto og informant: Inge Fitje,  År: 1957,  *1936

2 svar til Dalen Songlag 1957

  1. Inge Eiksund seier:

    Som medlem av koret var også eg med på denne minnerike turen som Inge Fitje skildrar. Eg minnes godt Nesholmstemna der vi deltok med korsong den helga, men aller best minnes eg heimturen som nok var enno meir dramatisk enn I.F. skildrar. Då vi kom til Lykkebøvatnet var det så mørkt at ein såg ikkje overgangen mellom vatn og land, og båtane var overlasta. Skysskarane nytta der ei liten motorbåt til å slepe dei to andre båtane, men det verkeleg fårlege var at dei hengde dei to båtane etter einannan og dersom dei byrja å «skjere ut» kunne dei fort gå fulle med vatn og kvelve. Det kunne blitt ei stor ulukke der i svarte natta når ingen såg land. Eg har vakse opp med sjø og båt, men har aldri vore så redd for ei alvorleg ulukke som då. Bussjåføren, Ingolv Eimhjellen, som venta så lenge på andre sida av vatnet var nesten frå seg av redsel for kva som kunne hende. Han gjorde det beste han kunne då han vende bussen mot vatnet og sette på lysa, den beste hjelpa dei skyssansvarlege kunne få. Heldigvis gjekk det godt, og det var ein glad sjåfør og ditto songargjeng som stemnde heim den natta.

  2. Det heiter Ullaland Songlag.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.