Ullaland «Midttunet» 1963

Her er flyfoto som syner Midttunet i 1963. Vi ser frå venstre: Driftsbygning, stove og stabbur. Bak skimtar ein eldhuset.

gnr.113.5,  År: 1963, Eigar: NFS, Foto: Widerøe,  *1260

2 svar til Ullaland «Midttunet» 1963

  1. Inge Eiksund seier:

    Eigarar av garden på den tid var Olav Ludvigson og kona Inga Johansdotter.

  2. Jens Vestrheim seier:

    Her ser vi restane av den gamle vegen på Ullaland. Vegen gjekk gjenom tuna både i Nilstuna og på Vellene. Frå der gamlevegen kjem saman med den nye, under bakken, gjorde den ein sving nesten like hit til stabburet. Bakken er utplanert ein god del no. Lisjebrekka var i si tid både bratt og med ein sving midt oppe i.I fyrstninga ein fekk mjølkebil og dyretransport til Ullaland snudde dei under Lisjebrekka omlag der vegane kjem saman på bilete.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.