Skogplanting Frammarsvika

«Tiltak Ungdomslag» planter skog i slutten av 1920 åra. Frå NB1 side 571 er desse namna lista opp.
Bakarste rekkje frå venstre:
Erik Hove (med pikke), Harald Holmset, Ola Buanes (gutunge),  Anne Madsie Hove,  Olav Vestbø,  Olav Liabø (med pikke),  Astrid Einevoll,  Asbjørg Andal,  Astrid Liabø,  Petra Andal,  ukjend,  Matias Holmset,  ukjend,  Devold Storelid.
Fremste rekkje frå venstre:
Henrik Buanes,  Maria Liabø,  Maria Holmeset,  Jenny Vestbø,  Kristoffer Slettehaug og Mathias Slettehaug.

 

*0271

Eitt svar til Skogplanting Frammarsvika

  1. per storegjerde seier:

    Det kan ha interesse å vite kvar det var ungdomslaget planta , og korleis det har gått med skogen. Eg veit ikkje kvar fotoet er teke , men det kan vere i lia under Hesbruna på stølsvegen til Frammarsvikstølen. Der har eg høyrt at ungdomslaget planta ein teig med gran som låg på felles utmark like aust for Ysteelva. Desse plantene vaks til og vart store tre. Dei vart rundt år 2000 hogne ned på dugnad og tømmeret levert til slip. Pengane som kom inn gjekk til oppussing av kjellaren i Grendahuset i Frammarsvika.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.