Berrvellene i 1956

Eit skarpt og flott flyfoto av sentrum for over 50 år sidan.

Nede til venstre ser ein litt av huset til Sivert og Ingeborg Reed. No kyrkjelydshuset. Der var bakeri fram til slutten av 1948-49. Huset på høgresida av vegen er barne/framhaldskulen. Venstre sida av vegen Kleivabutikken. Huset med flatt tak er lager.Ved sida av stølsvegen ser ein grunnmuren til Asbjørn Gundersen sit hus. Bak der huset til Alfred Rygg. Til venstre prestegarden. På høgre sida av vegen bolighuset og løa til Eiliv Erdal. Løa vart bygd 1935/36.Bolighuset 1952. Under løa ser ein løken som gjekk ned til elva.

I bakgrunnen kan vi skimte garden/husa som måtte vike for Lunden Barnehage. Til venstre bak kan vi sjå ein gard som måtte vike for idrettsbana og Huset til A.M. Erdal frå 1905  («Audstein sitt hus») som ble revet til fordel for nok ein barnehage. Dette huset burde ein bevare til bruk for allmennheita.

gnr.99, År: 1963, Eigar: Naustdal Kommune, Foto: Telemark flyselskap, Info/tekst: Bjarne Erdal,  *2443

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.