Bærelvbrua og husa bak

Bilete er teke frå Brauta-huset, mot Bærelvbrua og vi kan sjå husa opp mot Eikelia. Heilt til høgre er eit hus under oppføring. Same bilete står på Facebook og her seiast det at huset under bygging er Sverre Indrebø sitt, rett over for Lunden Barnehage. Truleg er det Bendik på Bø`na som dreg ei vogn med gras.

Nokon som veit årstalet. Kva år vart huset til S. Indrebø bygd? Nokon som veit noko om dei andre husa?

 

#580, gnr.99, Stad: sentrum, Årstal: ?, Fotograf: ?, Eigar: Rolf Haugnes, *roha604

Eitt svar til Bærelvbrua og husa bak

  1. Bjarte Erdal seier:

    Ja, eg er temmelig viss på at karen med høyvogna er han Bendik på Bøna. Han hadde ei lita vogn med små gummihjul med ståleikar av sykkelhjultypr. Med denne handdregne vogna frakta han gras frå bruket sitt i Eikelia ned til fjøsen på Bøen der han og broren Olai hadde kyr. Hugsar godt at han dreiv på slik. Eg heldt meg mykje i dette området som gutunge. Han Bendik såg vi omlag dagleg – og ofte dragande på vogna si.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.