På Hotelltrappa

Sogelaget fekk spørsmål om kven desse var: Her er svaret frå Halstein Erdal:

Ser du i Naustdal Bygdebok band 1 side 781 vil du sjå at kona med kyse øvst på hotelltrappa er Anna Lovisa, kona til Henrik Naustdal. Anna Lovisa var fødd i kring 1860 og dødde i 1927. Mannen øvst på trappa er nemleg son hennar Albert Henriksen. Han var gift med Gunnhild.

Anna Lovisa er nok på besøk hjå Gunnhild og Albert. Eg hugsar Gunnhild som ei myndig dame. Ho var postopnar i min barndom.  Eg var ofte innom hotellet for å hente- eller sende post. Albert var or Garda, gnr 99 bnr 14 i Naustdal. Mannen til høgre er truleg broren Matias fødd i 1895.   Matias var busett i Haramsvåg på Sunnmøre og av den grunn ikkje så ofte i Naustdal. Damene og guten nederst  torer eg ikkje å namngje.

Hotellet, År:   , Foto:      ,Info: Halstein Erdal, Eigar: Bjørn Glistrup. ,  *9111

2 svar til På Hotelltrappa

  1. Olav Naustdal seier:

    Guten nedest er vel enten Erling , Jakob ,eller Asbjørn Gundersen (f.1916,1918,1920)
    I såfall er bildet tatt mellom 1922 og 1927. Det stemmer bra sidan dei to tilreisande gifte seg i 1922, det er nok Henrik og kona Kari som er på besøk .
    Albert og Gunnhild gifte seg i 1926,og det er vel ho som står nederst i trappa ?

  2. Kjetil Nesthus seier:

    Det stemmer, det er mormor mi Kari Naustdal (1893 – 1990) og morfaren min Henrik Naustdal (1893 – 1974).

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.