Mitredalen frå Espehaug

Eit kjend bilete, men eit godt bilete med mange detaljar. Ein kan sjå landskap, hus og vegar i gamle dagar. Det er Johan Birkeland som har sendt kortet til Ragnvald Øvrebø i Bergen. Fint at slike kort kjem attende til Naustdal att. Fotogram er truleg I. Ingebrigtsen.

Vi kan sjå langt innover Herstad og Byrkjeland.

Foto:  I. Ingebrigtsen, Info og eigar: Maria Herstad,  År: Ukjend,    *B185

Eitt svar til Mitredalen frå Espehaug

  1. Jens Vestrheim seier:

    Bilete er truleg teke frå Furehaug ein stad. Nærmast i bilete på v. side av elva ser vi Ullaland.
    Ser Nilsøyna som høyrer til Ullaland. Vi kan fylgja gamlevegen austover frå nærmast i biletkanten. Der er Velletunet, br.nr 2. Neste er Nilstunet br.nr 1. i grankrullen. Så er det Hojen, Haugland. gr.nr. 6. Vidare Midttunet br.nr 5 på h. side av vegen, så Øvstegarden brnr.3 og Nestetunetbr.nr 4 Til v. i Øvstegarden ser vi ei lita pelsdyrbrakke. Enno lenger oppe til v. ser vi Solstad br.nr 11 og 12. Og enno litt lenger opp til v. gardfloren til Midttunet.
    Den gamle vegen slyngar seg inn over heile Ullaland, forbi Nestetunet vidare inn gjenom Gjære.Vegen går opp på Bruahogjen, så dette er før det var laga ny veg ved Kallandsbrua.
    På same sida av elva og lenger austover ser vi Nesbakken på Herstad, i Tuna og i Oppigarda på Herstad. I «andre høgda» ser vi Hamra, Hjellahogjen og vidare inn over Kleivane like på Løype.
    På h. side av elva ser vi Ospehaugen br.nr. 1 nederst og br.nr 2. Med litt godvilje kan ein kanskje sjå bruket Nordli ( Ospehaug) mellom vegen og elva. Vegen går inn Ospehaugstranda og vi ser den att på den beine strekninga på Kallandsflatene. Det er ny veg til der butikken er i dag, omlag til Jaren, br.nr 7 Kalland. Det var ein lang diskusjon om linevalet til ny veg der i frå, og på dette bilete går nok vegen etter den gamle lina der den svinga av ved Jarale og langs elvekanten inn over Jaraflatene forbi Slåttene og til Byrkjeland
    Elles ser vi alle bruka på Kalland, Reina, Kallandshaugen, Midttunet, iTuna, Indrebø og
    På Jara.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.