Horne gnr.20.4 Midttun

Om dette bilete står det: Gamalt gardstun. Barndomsheimen til Markus, Martin og Asbjørn Horne. tv. stova og til høgre driftsbygningen.

Kan nemne at: sitat » fotograf Malvin Horne var fødd 18. januar 1904 på garden Horne, Kvellestad i Vevring kommune. Tidleg i ungdommen gjekk Horne på snikkarskulen. Fotointeressa melde seg tidleg. Heime på garden rigga han seg til og starta med fotografering i ung alder. Spesialinteressa var landskap, familiegrupper og brudefoto.»

I bygdeboka 1 side 47 står skrevet at Nikolai Madsson gift med Maria Elen Sofie Jonasdotter f.1866 på Horne br 3. Dei dreiv garden 1891 til 1953. Malvin var sonen deira og han har sikkert tatt bilder frå heimegarden. Hornebilete kan ein bla i på fylkesarkivet

1930, gnr.20.4, eigar: Asbjørn Horne, Fotograf: Malvin N. Horne,   *0003

2 Responses to Horne gnr.20.4 Midttun

  1. Elsa Horne - Florø seier:

    Nikolai Leknes Horne og kona Marie Sofie Jonasdotter Horne rydda garden Midttun på Horne. Nikolai kom frå Leknes i Kvammen. Marie kom frå grannegaren i aust gnr. 20 brn. 3. Dei gifte seg i 1891. Dei fekk då utskilt eit jordstykkje frå garden ho kom ifrå. Midttun var eit lite bruk som var attåt næring til fiske og anna arbeid.
    Fotograf Malvin N. Horne, Florø.
    Sjå og bilder frå Hornesamlinga i Sogn og Fjordane Fylkesarkiv.
    www. fylkesarkiv.no

  2. Odd Byrkjeflot seier:

    Det er bra at dei som kjenner folka og staden skriv nokre ord. Takker for det Elsa

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.