Familien Liabø i 1930 åra

Her sit Mads Olai Johannesson Liabø, fødd 3. juni 1864 på Liabø i Naustdal 95-1, døydde 1959 på Liabø. Gift 1. 19. juni 1890 med Anna Bertina Annaniasdotter, fødd 23. september 1863 i Frammarsvik Naustdal 90-1, døydde 1901 i barselseng.
Dei fekk fire born, tre døydde i ung alder. Johannes som står heilt til høgre på bilete var den einaste som vaks opp. Meir om han seinare.
På bilete sit andre kona til Mads, Olianna Nilsdotter Åsen fødd 1875 i Askvoll, død 1961 på Liabø. Mads og Oliana vart gift 25. januar 1903 og fekk 9 born. Fem jenter og fire gutar Aslaug Gudrun f.1914 døde 1919. Alle gutane kjøpte seg motorbåtar og dreiv med båtskyss på Førdefjorden, seinare 2 av dei i Flora. Sjå bygdebok for Naustdal bind 1, side 653 og 654.
På biletet ser vi første rekke frå venstre: Hilda Liabø, f. 1918, gift til Åse i Gaular, Olga Liabø, f. 1916, gift Jensen. Astrid Johanna Liabø f. 1913, gift Åse i Gaular. Maria f. 1907, gift til Holmeset Naustdal.
Bak står gutane, frå venstre: Anfinn, f. 1910, flytte til Florø og dreiv med skyssbåt der. Olav Magnus Liabø f. 1909. Flytte til Florø, seinare til Knarvik, Lindås. Ingolv Martin Liabø f. 1905, flytte til Førde. Nikolai Albert f. 1904. Han overtok garden på Liabø men dreiv og med skyssbåt i tillegg. Johannes Liabø f. 1898. Han var såvidt eg veit skyssbåtførar på Førdefjorden heile sitt yrkesaktive liv. Han var godt kjend med folket og livsførselen langs Førdefjoren frå Førde til Horne. Det heite seg at hand viste kven som var fattig og rik. Doktor Hauge som i fleire år var kommunelege i Naustdal og Vevring har fortalt at det langt på veg var Johannes som bestemte kor mykje han skulle ta seg betalt. Når dei kom fram til ein pasient kunne Johannes ytre at «her må du ikkje take så mykje», hos andre meinte han «her kan du ta godt betalt».

Audstein Erdal fortalde ei historie om Johannes, som Leiv Erdal bekrefta var sann. Det er mange år tilbake og kven som var prest i Naustdal og Vevring den tid veit eg ikkje. Kvar tur Johannes hadde med presten til Vevring måtte dei til land i Andalsberget for presten skulle ha med eit spann mjølk til ei familie i Vevring. Johannes var lite glad for denne avstikkaren både fram og attende og hadde sin mistanke om innhaldet i spannet. Ein dag dei hadde henta spannet på turen utover meinte Johannes det var best å undersøke om mjølka var god og fekk presten til å løfte på loket. Det viste seg då at innhaldet var langt anna enn mjølk. For ettertida slapp Johannes den ekstra avstikkaren til Andalsberget.

gnr.95.1, Eigar og informant: Inge Fitje,   *2009

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.