Dampbakeriet i 1954

På bilete ser vi Åsta Fimland. Ho er ein av dei mange som har hatt sitt daglege virke på Dampbakeriet i Naustdal.

gnr.99, Eigar: Anna Sæle, Info: Firda, År: 1960 – 1961,    *A007

4 svar til Dampbakeriet i 1954

  1. Bente O. seier:

    Mor og Far gifta seg i 1957, – biletet må vere ein del eldre for i 1960 hadde Mor vore på Stranda lenge.

  2. Fint at du skriver. Når flytta Åsta frå Naustdal? Kan du gje litt fleire opplysningar.

  3. Bente O. seier:

    Mor arbeidde på Naustdal Dampbakeri frå 24.4.1952-30.8.1954.
    Ho fortel at Sollaug arbeidde som laurdagshjelp i denne perioden.
    Før Mor var det ei som heitte Ingrid, – og før der igjen var det Astrid!

    Mor flytta til Stranda hausten 1954,
    ho fortel at det var før dei tok opp potetene den hausten – så særleg lang tid etter at ho slutta på Dampbakeriet kan det ikkje ha vore.

  4. Dette var fine opplysninger. Nøyaktige er dei og. Vi i sogelaget er interessert i kontakt med utflytte Naustedølinger. Kunne du sendt e-post adressen din til post@naustdalsogelag.no hadde det vore fint. Eg finn ikkje Åsta i bygdeboka sånn på kort tid.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.