Hvor blev Jorunn af..

Dette bilete står i  «Sogeskrift for Naustdal 2013»  i artikkelen «Hvor blev Jorunn af» Forfattaren  er Jesper Knop, son av Jorunn. Jesper har gitt til sogelaget 100-200 bilete som går inn i samlinga vår. Takk for det Jesper. Jesper og Kirsten har besøkt Naustdal og sogelaget fleire gonger dei seinaste åra.

Teksten til dette bilete er sitat frå sogeskrivet: «Forfatteren til artiklen er den lille dreng , her udenfor Kleivahuset. De øvrige er fra venstre: Oddlaug, Jorunn, John Steen, Arvid Kleiva. Børnene er Jesper og Karsten. Jesper er født i 1958 – Billedet er taget først i 1960′ erne»

gnr.99.32, Foto: Jørgen ?, År: 1960-62,  *d443

4 svar til Hvor blev Jorunn af..

  1. Aud Jonstad Baardsen seier:

    Om nokon spør meg vil eg sei at dama til venstre er Eldbjørg Kleiva, kona til Arvid Kleiva??

  2. Aud Jonstad Baardsen seier:

    Ser på bildet igjen, det liknar på Eldbjørg, men eg er langt frå sikker

  3. Bjarne Erdal seier:

    Aud. Dama til venstre er Oddlaug Kleiva, gift 1936 med John Steen frå Førde. Dei budde i Bergen. John var kaptein i Fylkesbåtane.

  4. Aud Jonstad Baardsen seier:

    Flott at du retta dette Bjarne

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.