Busetnad ved Bærelva 1963

Hus nærast frå venstre: Kleiva huset, doktorbustaden, Fauskehuset og t.h. «I Brautane». Tunet bak t.v. høyrer til bnr.24 i dag med namn «Audstein sitt hus». Kommunen har teke over eigedomen og skal bygge barnehage. Driftsbygningen ved elva høyrer til gnr.99.2. På hi sida av elva ser ein fremst huset til Sverre Indrebø, bakanfor det bnr.22 Steinflaten, bruket Lars Gundersen fekk skilt frå. Huset for seg litt oppi bakken høyrde til Elias Erstad, heilt oppe t.v. tidlegare plassen Eikelia.

gnr.99, År: 1963, Eigar: Rolf Haugnes, Info: NB I side 741, Foto Widerøes Flyselskap,  *2162

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.