Songarstemna Naustdal 1927

Songarstemna Naustdal 1927 står det skrevet på bilete. Fotograf er G. Osland, Bergen. Sogelaget fekk inn dette bilete i glas og ramme og måtte avfotografere det. Vi veit lite omkring bilete, men det var truleg halden i «Holten» (ovanfor skulen i sentrum). Her har vi fleire bilete frå. Under her legg vi ut 3 utsnitt frå same bilete. Her er midt-delen.
bjso_101m_prv

bjso_101h_prv

bjso_101v_prvkjenner du att nokon på bilete. Skriv under her

Eigar: Bjørg Solheim, År: 1927, Stad: Holten, sentrum ,Fotograf: G. Osland, Bergen,   *bjso101

 

3 svar til Songarstemna Naustdal 1927

  1. Jørn Kleiva seier:

    I utsnittet frå midtdelen: Mannen med songarhue lengst til venstre i fremste rekke synest eg liknar mykje på bestefar min, Elias Erstad. Det kan også stemme med at han var dirigent for songlaget i Naustdal (sentrum) og formann i Sunnfjord songarsamband i den perioden, så vidt eg veit.

  2. Takk Jørn, vi får vente på stadfesting og fleire opplysninger.

  3. Oddvar Reiakvam seier:

    Øverste utsnitt: Mannen like til venstre for midten på nest bakerste rad (med tynt slips) er Torleiv Reiakvam. Nummer seks frå høgre i den bakerste rada av damer på same biletet er truleg Ragna Alnes (f. Reiakvam). Det kan og vere systra Magna, men Ragna er den einaste av dei eg har sett i samband med andre songtilstelningar i Naustdal.

    Nederste utsnitt: Nummer to frå venstre på nederste rad av mannfolk er Jakob Reiakvam.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.