Båten «Stanley» 1942

Båten heiter «Stanley» og gjekk i fraktefart på kysten under heile krigen. Mannskap om bord var skipper Markus Horne, maskinist Asbjørn Horne, bestmann Martin Horne. Alt mulig mann var Magnus Horne.

gnr.20, Eiger: Magnus Horne, Info: Knuthild Horne, 0011, Fotograf:  Malvin N. Horne,  *0011

Eitt svar til Båten «Stanley» 1942

  1. Elsa Horne - Florø seier:

    Ombord i m/s Galeasen «Stanley» til Hornekarane frå Kvellestad. Her er båten ombygd til fraktebåt, seinare ombygd til fiskebåt. Båten var innkjøpt 1932 av «Hornekarane» som eigarane blei nemnt som. Då haddde båten speilhekk og var rigga som ein Galeas. Det var brødrene Markus Nikolaison Horne, Martin Nikolaison Horne, Asbjørn Nikolaison Horne og far deira Nikolai Leknes Horne. Sambygdingen Karl B. Kvellestad frå Kvellestad var og medeigar i båten. Fotograf Malvin Horne som som var bror deira var og partshavar i båten til å begynne med. Båten er krigsmerka av okupasjonsmakta. Her på veg inn Florøvikja. I Firda frå 1949 kan vi lese at brødrene Horne har no omarbedd båten til tipp topp stand med radiotelefon og elles alt som bør vera i ein moderne snurpebåt. Ein kan og lese at det var ein del bruk frå Kvammen er og ute på fiskefeltet ilag med Stanley. Ein del folk frå Vevring er med i sildesjauen som losse- og fabrikkarbeidarar ved sildeoljefabrikkane. Det var ei hektisk tid med mykje store sildefangstar.
    Sjå ellers bilder frå Hornesamlinga i fylkesarkivet.
    http://www.fylkesarkivet.no

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.