6 syklistar ved Horstad skule
Frå venstre
Anders Lunden (1900 – 1980) gift 1929 med Anna Kleiva
Ludvig Lunden (1897 – 1989) gift 1927 med Hilda Indrekvam
Olav Furehaug (1901 – 1976) gift 1931 med Nikolina Stubhaug
Oskar Kvame (1909 – 1972) gift 1927
Johan Indrekvam (1900 – 1993) gift 1952 med Alma Johanesdotter Espeseth. Johan var kunstmålar.
Matias Solheim (1898 – 1980) gift 1932 med Sara Horstad
Dersom han minste er i konfirmasjonsalder kan vi datere bilete til 1924
gnr.105 År: 1920 – 1930, *0908
Litt retting. I stehoggane er det berre bruk 1 som skriv Stuhaug, både bruk to og tre skriv Stubhaug. Så Olav Furehaug var gift med Nikolina Stubhaug. Det er litt vanskeleg å halde orden på denne namneforskjellen men folk er nokså opptekne med at det skal skrivast rett. Nikolina kom frå bruk 3. ho var foresten syskenebarn til far min. Mora kom frå Lien gard 111.
Flott Inge, det er viktig med retting. (Herved er Nicolina Stuhaud retta til Nikolina Stubhaug).Eg skriv det som står på fotokortet og der kan det være mange feil. Oppfordrer til andre å skrive korte innspel der det er små/store feil og mangelfulle opplysninger. Det er jo det som er bra med forum at alle kan bidra med at fortida blir tatt vare på.