Garden nede ved sjøen er bruk nr. 6 «Vik». Dette blei skilt ut frå bruk nr 1 i 1931
Frammarsvik skulehus blei bygd i 1926. Det er dette vi ser øverst på biletet. Born frå Andalen og inn til og med Holmeset søkte til denne skulen. Skulehuset var veleigna for møteverksemd og festar og andre tilskipingar. Etter at skulehuset kom blømde såleis lagslivet i grenda. Her dreiv ungdomslag, songlag og misjonslag aktivt i fleire år.
gnr.90.1, Eigar: Leidulv Vonen, Foto: ?, År: ?, *0263