Her er Anders O. Jonstad på vedhogst ovanfor Sveene på Jonstad. I bakgrunnen kan vi sjå gamlebrua, fossen og vegen mot byggefeltet. Det gjekk ein løyparstreng frå treet og ned bak huset til Lars Jarane. Det var Anders og Arnold Haugnes som hogg ut skogen og løypa den ned. Derifrå laga dei ei «vass-slåk» og sendte veden vidare ned til hovudvegen.
gnr.100, Stad: Jonstad, Årstal: ?, Fotograf: ?, Eigar og info: Rolf Haugnes, *roha336