I bygdeboka står det Mads og Oliana Liabø. Olinne er tekst under bilete i albumet. Her sit dei utafor garden sin. Mads er født i 1864 på Liabø. Han er eldst av 6 sysken. Foreldre er Johannes f.1830 frå Karstad og Inger Maria frå Frammarsvika bnr.1 Det står i bygdeboka at Johannes kom til garden som dreng. Og da Olai og Marta var barnlause fekk Johannes garden.
Oliana f. 1875 på Åsen i Askvoll. Dei gifta seg 1903 i Bergen
#290, gnr.95.1, Foto: Ukjend, År: ?, *2014