Under dette bilete står «Då Ingolv Liabø gjekk snikkarskulen»
Ingolv kom frå Liabø bruk 1. Født 1905 gift 1936 med Jenny. Dei slo seg ned i Førde.
Utifrå innspela under kan vi seie:
Dei 4 bak frå venstre:
1. ukjend, 2. Sigurd Helle, 3. ?, 4. Ingolv Liabø
Dei 5 framme frå venstre:
1. Olav Vestbø (eller Olav Areklett), 2. Norvald Vestbø, 3. Asbjørn Sunde med fele, 4. ?, 5. ?
gnr.99, gnr.95.1, År: 1930, Fotograf: ?, *2010
Framme frå venstre er det tippa på Olav Vestbø, nr. 2 ved sida Norvald Vestbø.
Bak nr. 2 frå venstre Sigurd Helle. Disse tre er det eit spørsmål teikn bak namna.
Men det virkar nokso sikkert at pesonen heilt bak til høgre er Ingolv Liabø. Dei andre fem er heilt ukjende.
Inge Fitje
Dette bilete er truleg teke ca 1930.
Nr 3 framme med fele er Asbjørn Sunde.
Framme nr frå venstre, Olav Vestbø? Er litt usikker på det og trur heller det er Olav Areklett, som budde på Vestbøen. Han dreiv ei tid som møbelsnikkar.