Hove 1963

Bilete syner bruk 1 på Hove. Frå venstre har vi stovehus, vedhus, driftsbygning og verkstad. Ved hovefossen står kraftverksbygningen. Over vegen huset til Bjarne Fitje. På hitsida av vegen kan vi skimte eit hus som er det nye meieriet.

gnr.103.1 År: 1963,  *0794

2 Responses to Hove 1963

  1. Aud Jonstad Baardsen says:

    Øverst oppe til høgre er huset til Mathias Hove, ein kjend person i Naustdal. Han sykla mykje opp og ned til Naustdal. Arbeidde for Nordfjord Kjøt for å få sendt slaktedyr til dei. Var vel det ein kallar ein original i bygda, vart kalla «Bosten».

  2. Aud Slettehaug says:

    Er det nokon som har kjennskap til drifta av Meieriet på Hove.? Når bygd, kinna ein smør der, syrna mjølk og/eller leverte søtmjølk. Når vart drifta avvikla?

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.