Bilete er frå den siste hjulmakarverkstaden i Naustdal. Ja kanskje i heile Sunnfjord. I NB2 side 62 finn vi at det var Torleiv Veien som dreiv verkstaden frå ca. 1950 til 1960. Her vart det laga vognhjul og vogner av ulike typar og dessutan sparkstøttingar og rattkjelkar. Det var på det meste 5 tilsette. Her er 4 av dei frå venstre:
Bjarne Haugnes, Torleiv Veien, Audun Haugnes og Arne Leknes.
gnr.102, Eigar: Torleiv Veien, År: Ukjend, *0757