Olav Birkeland er leiar i Sogelaget og har levert dette biletet til avfotografering. Bilete er ramma inn. Det skal være far til Olav (Atle Jarl Birkeland f. 1933) som sit i glaset til høgre. Om han er 2-3 år kan vi tidfeste bilete til omlag 1935
Bilete syner tunet på «Rimma» på Byrkjeland med to lastebilar. Det er noke arbeide som pågår .
Er det nokon som kjenner att lastebilane. Den eine med kjenneteikn S1374?
gnr.134.1 Rimma, Eigar og info: Ølav Birkeland, Årstal: 1934-1937, Fotograf: Ukjend, *F417, søkeord: Driftsbygning, torvtak.
Førebels tekst frå Facebook: » Nærmaste bilen er en Diamond, den bakerste med veiskrape er en Chevrolet. Biletet er teke her på tunet og må vere fra ca 1935. Fader’n sit i glaset og må vere et par år her.» og «den i front var Naustdal billag sin, Barthold Reinen var sjåfør, eg ser at på bildet Leiv la ut viser det at den har enkle hjul på bakaksel, det har den med veiskrapa og.»