Busetnad kring Bærelva 1957

Sogelaget saknar bilete av husa som måtte rivast då Lunden barnehage skulle byggjast. Dette bilete syner tre hus i svingen heilt til venstre. Vidare ser vi busetnaden kring Bærelva med «Bøen» som no er revet til fordel for enno ein barnehage.Til høgre ser vi Kleiva huset, doktorboligen og huset til lensmann Leiv Erdal

Kring Lunden kan vi skimte fleire hesjer. Kan nokon tidfeste bilete og seie meir om busetnaden. Her er ikkje Hjelle  bensinstasjon bygd.

Eigar: Bjørn Glistrup, Mo i Rana, År: 1957 – 1958, Foto: Dagfinn Reiakvam. *9123

3 Responses to Busetnad kring Bærelva 1957

  1. Anne-Karin Høgelid says:

    Ser ikkje ut som Indrebø sitt hus er bygd heller? Det var vel før 1970?

  2. Anne-Karin Høgelid says:

    Motellet til Erling Friis er heller ikkje bygd.

  3. Bjarne Erdal says:

    Dette bilete er frå 1957/58.Stykke fram for huset til Leiv Erdal vart kalla Teigen.
    Om somrane i 57/58 var eg med på slåttearbeid på dette stykke ,då var huset til Leiv Erdal bygd.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.