På side 100 i Sogeskrift for Naustdal 2012 står dette bilete. Ho Olina Gunnarsdotter budde i eit lite hus nedom kyrkja i Naustdal. Vi ser huset til venstre i bilete og huset står framleis på same staden. Borna tilhøyrer nabogarden og frå venstre har vi: Ragnvald, Arnljot f.1924, Henrik og fremst Atle f.1927.
Jenta til høgre er vi usikre på.
gnr.99.15, Info: Sogeskrift 2012, Eigar: Helge Naustdal, År: 1927-1930 , *2176
Det er blitt fortalt at Oline hadde ender, kalla piler i si tid , og at ho derfor vart kalla Pileoline , som igjen gav namnet til Pilestedet.