Årsmelding for 2008

Styre i Sogelaget 2008 

Inge Fitje leiar, Bertel Meek nestleia, Bjarne Øyra skrivar, Rolf Solheim kasserar, Olaus Jonstad styrelem.

Varamedlemer  til styre, Arvid Slettehaug, Magnar Falkenstein.

Skriftstyre, Harald Jarl Runde leiar, Arthur Søgnen, Hallstein Erdal.

Valnemnd, Jostein Sollid, Sissel Grimset, Rolf Haugnes.

Vandrarnemnd, Ola Dag Thingnes, Arvid Slettehaug, Arthur Søgnen.

Revisor Halldor Herstad.

Lagsaktivitetar.

Styret har hatt 8 styremøte og handsama 15 saker. Sigmund Svoen har møtt på 4 styremøte i 2008, og orientert styret om utviklinga av  heimesida. Under møte 27. oktober gav han ei utgreiing om tilgang til Webside. Det er Odd Byrkjeflot med familiefirma ONWEB som stiller gratis tilgang ti internett for sogelaget.

       Aud Slettehaug møtte på styremøte 23. april og orienterte om førebuing til utvandrar festivalen.

Harald Runde har delteke på 2 styremøte 23.april og 27. oktober, og orientert om prosjekt Naustdalforfattarar.

      19. september var Inge Fitje på evalueringsmøte med kommunen og talsmenn og kvinner frå andre organisasjonar som deltok under festival dagane.

Det kom fram både ris og ros om avviklinga av festivalen. Sogelaget kan vel ikkje seie seg heilt nøgde, men må take litt sjølvkritikk, vi var ute i seinaste laget med brosjyre og kjent gjering av vårt program og tilhald stad.

Arbeidet og tilrettelegging av Sogelaget si deltaking i utvandrar festivalen frå 4. til 9. august 2008 er største saka for laget siste året. Heimesida som så smått starta opp i 2007 har utvikla seg mykje under klok leiing av Sigmund Svoen.

 Steindalen som høyrde til Vevring kommune og sørsida av Førdefjorden som høyrde til Naustdal kommune er kome med på sida. Det er arbeid i gang med at sørsida av fjorden som høyrde til Vevring, no Askvoll skal få sin plass på sida

     Medlemane i laget har vore hjelpsame med å samle bilete og skrifter for å utfylle og gjere sida meir innhaldsrik. Redaktøren for sida Sigmund Svoen har nære kontaktar i USA og får positive råd og anna tilfang derfrå. Under festival dagane hadde sogelaget stand i andre høgda på kyrkjelydshuset med oppmontert data utstyr som besøkande kunne bruke sjølv, eller få hjelp av andre.” Dei andre” var i hovudsak Sigmund Svoen. Der var også høve å vise store deler av heimesida som lysbilete. Sal av bygdebøker og sogeskrift var der også. Rundt 20 medlemer av laget stilte villeg opp for å hjelpe til på kyrkjelydshuset under festival dagane.

Bertel Meek hadde utarbeidd eit program om kultur vandring rundt Naustdal sentrum under utvandrar festivalen, det vart diverre ikkje teke i bruk.       

 Etter oppmoding frå Harald Runde har sogelaget kosta oppussing av gravsteinen på grava til Anders Hamre på Fredlund gravstad. Det fysiske arbeid med oppussing av steinen har Harald Runde med hjelparar gjort på dugnad.        

Anders Hamre var ein kjend skribent og bladmann i si tid.

Sogelaget deltok med stand på Sanden sundagen som vanleg, lik tidlegare år.

Laget sin lags tur til Vevring med bygdevandring og kaffikos vart avlyst på grunn av manglande påmelding.

    Sogeskriftet kom ut som vanleg i byrjinga av november og har fått svært god omtale.


Medlemstalet.

Medlemstalet pr. i dag er 194, ein auke frå 2007 på omkring 20. personar.

 

Bygdebøker sogeskrift.

Salet av bygdebøker held seg forbausande godt, salet av gamle sogeskrift går av naturlege grunnar tregare. Bøker og sogeskrift er utlagde i banken og hos bokhandlarane i Førde, men enno er det ein del som spør kor ein får kjøpt bøkene. Biblioteket formidlar og sal av bøker og skrifter.

 Det kjem også førespurnad frå nær og fjern om det same. Marknadsføring er viktig.

Historielag og slektsforskar lag er ein mogeleg marknad. 

 Bygdebøker er oftast den enklaste og lettaste innfallsporten til ein ettersøkt slektning.

 Er det ein god tanke å lage ein konfirmasjons pakke av bygdebøker? Det finnast truleg foreldre og besteforeldre som kan tenke seg å gi ei eller fleire bøker i gåve. Prisen på sogeskrift har lege på frå kr. 150. for dei 2. siste utgåver. Kr. 100 for dei neste 2. og heilt ned i kr. 25. for dei eldste utgåver. Pris på bøkene har vore kr. 750 for bind I og II, kr. 590 for bind III.. Under festival dagane var prisen sett til kr. 600 for bind I og II og kr. 500 for bind III. Det er godt med bøker og sogeskrift på lager.

Bertel Meek har hatt ei oppteljing av bøker og sogeskrift på nyåret. Resultatet vert lagt fram på årsmøte med tal og verdivurdering.

 

Økonomi og drift av laget.

Økonomien i laget er ganske god.

Rekneskapen vert framlagd på møte.

      I tillegg til sal av bøker og sogeskrift har Sparebanken Sogn og Fjordane gitt ei gåve på

     Krone 1.000,oo

6 verksemder i Naustdal og Førde kjøpte annonseplass i årets sogeskrift, for til saman  

 kroner 6,000,oo

Vi er svært takksame for gåve frå banken og at så mange verksemder kjøpte annonseplass.

Styret vil halde på ordninga med å sende ut bankgiro for medlemspengar til medlemane på vårparten, rett etter påske.

Styre foreslår å halde noverande nivå på medlemspengar, kr. 150 pr. år.

 

 

Framtida.

Framtida til sogelaget er ei oppgåve for det nye styret som overtek på årsmøte.

3 av medlemane i noverande styre går av etter lengre og kortare tenestetid.

Bertel Meek etter ukjent tal år som styremedlem og nestleiar. Bjarne Øyra . år, som skrivar og Inge Fitje . år som leiar.

Av den grunn har ikkje noverande styre lagt fram noko program for framtida i laget.

Kan likevel nemne saker som sogelaget alt arbeider med. Vidare utvikling av heime sida 

(utvandrar sida). Prosjekt Naustdals forfattarar som Harald Runde og Bertel Meek arbeider med.

2009 er utpeika som kulturminne året. Det vert utlagd eige materiale om det. Er det noko sogelaget kan og bør ta del i?.


Sogelaget vart skipa 6/6 1990 etter forslag frå dåverande ordførar i Naustdal

Per Storgjerde.

I 2010 vert laget 20 og vi meinar det bør markerast på ein festleg måte.

I 2000 hadde dåverande styre planer om 10 års feiring på Hogjen kafe, om det vart noko feiring er uvist, finn i alle høve ikkje referat der frå.

Til slutt ein takk til alle medlemar som villeg har hjelpt til ved dei ymse tilskipingar sogelaget har delteke på i 2008. Ein særleg takk til Sigmund Svoen for det store arbeidet han har lagt ned ved utviklinga av heime sida, og til Odd Byrkjeflot for velvilje og gratis tilgang til  internett

Inge Fitje leiar                                                                            Bertel Meek nestleiar

 Bjarne Øyra skrivar            Olaus Jonstad styremedlem                          Rolf Solheim kasserar

This entry was posted in Årsmøter og referat. Bookmark the permalink.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.