Årsmøtereferat for 2006

Årsmøtet vart halde på Kommunehuset i Naustdal måndag 6. mars 2006.

Første del var eit ope møte der førsteamanuensis i historie på Høgskulen i Sogndal, Rasmus Sunde hadde eit kåseri om senator John Thune som har ein farfar som utvandra frå Gjelsvik i Førdefjorden. Fleire meiner John kan vera ein mogeleg amerikansk presidentkandidat.
Han fortalde og om sunnfjordingane som grunnla byen Poulsbo og den fyrste kyrkja som vart kalla Førdefjord kyrkje. Ola Andersson frå Stehoggane i Naustdal – eller Ole Stubb – som han kalla seg i Amerika, var den fyrste bureisaren i Poulsbo, der fleire naustedøler seinare slo seg ned. Det var 17-18 til stades på dette kåseriet.

Deretter var det 12 medlemmer som var med på årsmøtet i Naustdal Sogelag som handsama desse sakene:

Sak 1. Godkjenning av innkalling og sakliste:

Årsmøtet var kalla inn ved lysing i Firda.
Det var ingen merknad til innkalling og sakliste.Sak 2. Konstituering:

Val av møteleiar: Jetvard Kalland.
Val av skrivar: Bjarne Øyra.Sak 3. To til å skrive under møteboka:

Arthur Søgnen og Erling Rasmussen.Sak 4. Årsmelding:

Jetvard Kalland las opp årsmeldinga.
Det vart ein del ordskifte om Sogeskriftet og innkreving av medlemspengane.
Dette er nærare omtala under arbeidsplanen.
Årsmledinga vart samrøystes godkjend.Sak 4. Rekneskap:

Erling Rasmussen gjekk i gjennom rekneskapet.
Som det går fram av årsmeldinga er økonomien i laget stram.
Styret har gjort om kassakreditten til eit ordinært baklån, særleg for å spare renter.
Salet av bygdebøker er nede på omlag 40.000.
Talet på Sogeskrift må truleg reduserast litt i høve til medlemstalet, som no ser ut til å vere om lag 185.
Rekneskapet var samrøystes godkjend. 

Sak 6. Arbeidsplan:

Medlemsverving.

Bygdedagane og Sanden -søndag.

Sogeskriftet.

Manus til band I og III.

Sal av bygdebøker.

Suppleringshefte for bygdebøkene.

Registrering av husmannsplassane.

Utvandringa til Amerika.

Sak 7. Medlemskontingent:

Styret foreslår at kontingenten vert uendra kr. 150.
Dette vart samrøystes vedteke.
Styret har og foreslått endring i praksis for innkreving av kontingenten, slik at den vert innkrevd om våren, og dei som har betalt får tilsendt Sogeheftet om hausten.
Det vart ein del ordskifte om dette. Mange meinte at dette var uheldig. Det var lettare å få inn medlemspengane når folk fekk noko konkret å betale for.
Styret viste til at når ein no hadde gjort om kassakreditten til vanleg lån, var ein meir avhenging av å få inntekter tidleg på året for å betale dei kvartalsvise avdraga.
Det vart understreka at dersom ein krev inn medlemspengane tidleg, må det tydeleg gå fram at ein får tilsendt Sogeheftet til hausten.
Det vart nemnt at det av og til har vore nødvendig å sende purring på bealing av medlemspengar/sogeskrift. Inge Fitje meinte dette var for dyrt, og at det var mykje billegare å ta ein telefon.
Årsmøtet var som ein ser litt skeptisk til ny måte å krevje inn medlemspengane, men det vart konkludert med at dette var noko styret måtte avgjere.
Ein kunne ta eit prøveår for å sjå om det hadde innverknad på medlemstalet.
 

Sak 8. Val:

Valet vart leia av Jetvard Kalland.
Etter forslag frå valnemnda vart desse valde:

Leiar: Inge Fitje Vald for eit år. Med akklamasjon.

Styrelemer: Ingolv Reiakvam
Norild Joleik Valde for to år. Med akklamasjon.
Bertel Meek og Bjarne Øyra har eit år igjen.

Varalemer: Orlaug Hove
Jakob Thingnes Valde for eit år. Med akklamasjon.

Skriftstyre: Harald Runde Leiar. Vald for eit år. Med akklamasjon.
Thorleif Førland Vald for to år. Med akklamasjon.
Arthur Søgnen har eit år igjen.

Revisor: Haldor Herstad Vald for eit år. Med akklamasjon.

Vandrarnemnd:
Styret foreslo at berre eit medlem skulle skiftast kvart år slik som i valnemnda.
Etter dette vart valget slik:
Arthur Søgnen Vald for eit år. Med akklamasjon.
Jostein Sollid Vald for to år. Med akklamasjon.
Arvid Slettehaug Vald for tre år. Med akklamasjon.
Jostein Sollid kallar nemnda saman.

Valnemnd: Jostein Sollid Vald for tre år. Med akklamasjon.
Ola Dag Thingnes har eit år igjen.
Målfrid Haugsbakk har to år igjen.
Olad Dag Thingnes kallar nemnda saman.

Erling Rasmussen har sagt seg villig til å hjelpe ny kasserar etter at det nye styret har konstituert seg.Einar Eimhjellen nemnde utvandringa som ei mogeleg oppgåve for Sogelaget.
Kvar vart det av dei som drog?. I fleire av dei «Norske» områda i USA er det gitt ut lokale bøker med opplysningar om dei første som slo seg ned der. Her fins nok ein del kjelemateriale.
Det vart og vist til eit arkiv etter Elias Solheim som byggjer på mundtlege kjelder.Arthur Søgnen kasta fram tanken om å få registret kvar dein ymse husmannsplassane i kommunen låg. Kanskje få dei registrert på eit kartverk.
Ein kunne for eksempel starte med sentrumsområdet, kanskje og Jonstad, Helgås og Grimset.Sogelaget bør snart byrje å tenkje på å lage ei form for suppleringshefte for gards- og ættesoga. Ættesogene vart avslutta på midten av 90-talet, og på 10 år er det er etter kvart komne til nye generasjonar, og gamle er gått bort. Det er eit stort arbeid å samle inn desse opplysningane. Dette kan vere ei oppgåve for Sogelaget.
Dette bør vel og innehalde eit rettingsregister, sidan ein veit at det er ein del feil i bøkene.
Eit slikt suppleringshefte kunne og vere ei framtidig inntekstkjelde for laget.
Sal av bygdebøker er viktig for laget. Salet er no nede i om lag kr. 40.000 for året, og det bør gjerast ein innsats for å prøve å halde dette talet framover.
Det er mest igjen av bind III, og her bør det ligge eit salgspotensial.
Det bør kanskje takast ein gjennomgang av boklageret i kommunehuset igjen.
Ymse lagsarkiv i Naustdal.
Mange lag og organisasjonar held no på å gå i dvale. Her ligg mykje lokalhistorisk stoff. Det burde vere ei oppgåve for Sogelaget å taka initiativ for å prøve å samle dette og syte for at det vert teke vare på for framtida. Ein kan spesielt nemne Naustdal Helselag og Losje-lag kringom i bygda.
Jetvard nemnde m.a. at han i samband med ei oppgåve i lokalhistorie hadde lånt protokollar frå gamle Smørlag, som då var i privat eige.
Det fins truleg ei mengd slike gamle protokollar i bygda som eigentleg høyrer heime på Fylkesarkivet.
Dette manuset ligg framleis på Otta. Det er vedtak på at dette må vi få tak i og lagre i Naustdal. Kva verdi det har å lagre dette er allikevel usikkert.
Jetvard kalland peika på at rettane til dette munuset tilhøyrer Naustdal Sogelag.
Harald Runde understeka at sogeskriftet er meint å vere sjølvfinansierande.
Når det gjeld støtteannonsar i skriftet må dette vere styret sin jobb – ikkje skriftstyret.
Han peika på at Naustdal er ein liten marknad for slike annonsar, og at det kan vere tvilsamt om det er så lett å få slike frå næringslivet i Førde.
Jetvard Kalland peika på at vi etter kvart har eit lager av sogehefte som vi sel litt av kvart år, og vi må sjå på dette som ein kapital.
Antall hefte bør vel allikevel ut i frå medlemstal truleg reduserast til om lag 400.
Men dersom vi går lenger ned, blir totalkostnad for f.eks. 300 om lag den same som for 400.
Det er uvisst om det vert bygdedagar i byrjinga av juni, medan Sanden-søndag på ettersommaren er fastlagt. Her må Sogelaget markere seg med bygdeboksalg og sogevandring.
Styret bør vurdere å få til ei sogevandring rett før skuleslutt, sjølv om det ikkje skulle bli bygdedagar.
Medlemstalet minkar og gjennomsnittsalderen stig, dette er noko som må takast på alvor, og ein må prøv å aktivisere medlemmer gjennom m.a. lagsmøte og sogevandringar.Jetvard Kalland gjekk i gjennom punkta i arbeidsplanen, og det vart ein del ordskifte om dei ymse punkta:

Jetvard Kalland takka styret for samarbeidet dei 4 åra han har vore med – siste året som leiar.
Erling Rasmussen overrekte blomar og takka for innsatsen.
Den nye leiaren – Inge Fitje – takka for tilliten som ny leiar, og vil kalle saman det nye styret for å konstituere seg snarast mogeleg.

Naustdal, 7. mars 2006.

——————– ——————– ——————–

Bjarne Øyra Arthur Søgnen Erling Rasmussen

Skrivar.

This entry was posted in Årsmøter og referat. Bookmark the permalink.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.