Starten på Stølshefta til Naustdal Sogelag byrja med ei idemyldring i eit styremøte i Naustdal sogelag i 2012. Det første hefte som var heftet om stølane for Åsedalen, dette var eit prøveprosjekt og det kom ut i 2015.
Innsats frå stølseigarane og mange andre som kjenner på seg at dei høyrer til, har gjort vegen enkel.
Bru over Loneva, merka sti og endå ei bru nær Breieva, gjer at vi no makeleg kan slentre forbi murane av Øyboststølen og så ta litt meir krefter i bruk opp etter Brekka. Men så flatar det ut att og der ligg Stølsgrenda.
Først Huksetstølane, så flatt og fint innetter til vi møter Blåbærelva. På andre sida av den ligg Åsestølane. Der vegen svingar til venstre før elva, er det god veg innover til Grimsetstølane.
Eigarar, og slekt og vener kan dele æra av å ha ei vakker stølsgrend.
