Berrvellene kring 1900

Bilete har ukjend årstal. 1903 – 1908. I forgrunnen har vi Naustdalsfossen. Brua er ikkje bygd (1923). Vidare ser vi vegen frå dalen (Berrvellene) slynge seg ned mot sentrum. Vi kan sjå same bilete i sogeskrift for 2004 i ein artikkel av Bjarne Øyra. Her står det vidare: I framgrunnen ser ein Fossberga og flata der Fosshalla står no. Den kvasse vinkelen i berget mot Fosshølen heiter Nobba, ein populær bade- og stupeplass før i tida.  Midt på bilete Løkjen og vegen opp mot sentrum. Til venstre ein snipp av grønøyra.

Ein båt er på veg over elva frå/til Fløene. Kan det være oldefar Andreas B. Øyra som kjem roande? På utsnittet kan vi sjå Brautahuset, eit lite hus til venstre for vegen. Bak kan vi sjå at prestebustaden (til høgre) er bygd og det same med skulehuset (til vestre  nær kyrkja)

Sentrum gnr.99, År: 1905, Foto: Ukjend – Reiakvam Foto, Info: Bjarne Øyra,   *2407

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.