Snikkarskulen (1949-50)

Frå snikkarskulen i Naustdal 1949-50På fotografiet ser vi Oddvin Sæle til venstre og lærar Arnljot Naustdal til høgre. Skåpet er det Oddvin som har laga, matrialen var lerk. Vi var så vidt eg kan minnast 10 elevar og 3 lærarar i tur og orden. Først Anders Reinen som i årevis hadde vore lærar ved snikkarskulen. Han vart sjuk omkring juletider og vi fekk Arnljot Naustdal som lærar. Ut på våren vart han innkalla for å gjere teneste i kongens klær, noko han misslika mykje. Den siste tida hadde vi Anders Stubhaug som lærar. Matriale til møblane vi laga måtte vi halde sjølv.  Les meir i innspel under…

år: 1949/50    *2300

2 svar til Snikkarskulen (1949-50)

  1. Inge Fitje seier:

    På fotografiet ser vi Oddvin Sæle til venstre og lærar Arnljot Naustdal til høgre. Skåpet er Oddvin som har laga, matrialen var lerk. Vi var så vidt eg kan minnast 10 elevar og 3 lærarar i tur og orden. Først Anders Reinen som i årevis hadde vore lærar ved snikkarskulen. han vart sjuk omkring juletider og vi fekk Arnljot Naustdal som lærar. Ut på våren vart han innkalla for å gjere teneste i kongens klær, noko han misslika mykje. Den siste tida hadde vi Anders Stubhaug som lærar. Matriale til møblane vi laga måtte vi halde sjølv. Det var så ymse slags treverk vi diska opp med. For mitt vedkomande var det «alm». Litt historikk om den almen. Det voks ein del alm på Fitje, og ein av dei vart saga ned i dei berømte aprildagane i 1940. Bror min Olav lasta stokkane på sleden og køyrde dei til sagbruket hans Andreas Fauske på Kalland. Det tok sin tid å få saga opp alle stokkane så det vart seint og mørkt for han kom heimatt. Mor mi tok til å engste seg for at ufreden var komen til bygda. Alt enda godt til slutt. Alme-plankane godgjorde seg i vedahuset på Fitje innpå 10 år før dei vart tekne i bruk. Ei lita orientering til slutt. Det heitte ikkje snikkarskule, det heitte framhaldskule med snikkarline for herrar og syline for damer. Det var den tid damene for det meste sydde,spyta og hekla, ja og så laga mat. Karane snikra, hogg ved og hefte bort tida ved mjelkerampane.

  2. Odd Byrkjeflot seier:

    Naustdal foto samling inneheld lite opplysninger utover namn, stad osv. Vi er difor avhengig av slike innlegg sim Inge syner eksempel på her. Sogelaget er svært glade for nye bilete med tekst. Gjerne frå 1950 – 1970 åra. For eksempel frå Naustdalsstafetten.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.