Fest for syskena Eldrid og Kåre Lunden



Frå Wikipedia: ELDRID LUNDEN (født 5. oktober 1940 i Naustdal), er en norsk lyriker og professor i skrivekunst. Hun skriver på nynorsk. Hun regnes som en av Norges viktigste lyrikere innenfor modernismen. Lunden er utdannet cand. philol. ved Universitetet i Oslo. Hun har arbeidet som lærer i videregående skole og høgskole. I 1996 ble hun Norges første professor i skrivekunst. Hun var med på å starte og er studieleder ved Forfatterstudiet i Bø ved Høgskolen i Telemark. Lunden var en del av miljøet rundt tidsskriftet Profil.

KÅRE LUNDEN (født 8. april 1930 i Naustdal) er en norsk historiker og professor emeritus i historie ved Universitetet i Oslo. Tyngdepunktet av forskningen hans ligger innenfor middelalderens sosiale og økonomiske historie.
Bakgrunn – Kåre Lunden er fra Naustdal i Sunnfjord; faren var småbruker og anleggsarbeider. Han tok examen artium ved Firda landsgymnas i 1950 og studerte ved Norges landbrukshøgskole, der han ble utdannet sivilagronom i 1957. Deretter var han til 1963 sekretær i Kirke- og undervisningsdepartementet, før han skrev om Heggen og Frøland i mellomalderen og tok hovedfag i historie i 1965. Han arbeidet ved Norsk Lokalhistorisk Institutt fra 1964 og ved Norges Lærerhøgskole i Trondheim fra 1966. Fra 1971 var han ansatt ved Historisk institutt i Oslo, først som universitetslektor, deretter som professor fra 1976 til 1997.

Teksten er henta frå Naustdal Mållag

To markante røyster i den nynorske skriftkulturen, Eldrid Lunden og Kåre Lunden, jubilerer med høvesvis 70 og 80 år i 2010, og heimbygda Naustdal heidrar jubilantane med ein innhaldsrik festdag laurdag 9. oktober 2010.

To sysken frå ein liten gard i Sunnfjord. Eit skjønnlitterært og eit faglitterært forfattarskap. To kritiske pennar, to djerve røyster i det norske offentlege rom. – Vi ynskjer å setje søkjelys på den kritiske krafta i forfattarskapa, deira sentrale posisjon nasjonalt og deira tilskot til den nynorske skriftkulturen, seier rådgjevar for oppvekst og kultur i Naustdal kommune Trine Falkenstein. Det vert eit større arrangement med open konferanse i Naustdalshallen, marknad i og ved Naustdal barne- og ungdomsskule og festkveld i grendahuset Fosshalla. Bak arrangementet står Naustdal kommune, Naustdal Sogelag, Naustdal Mållag, Eldrerådet og Naustdal Ungdomslag. Eldrid Lunden er som lyrikar og professor i skrivekunst ein av dei viktigaste modernistiske lyrikarane våre med ei rekkje publikasjonar og prisar (m.a. Brageprisen, Aschehougprisen, Nynorsk Litteraturpris og Doblougprisen). Ho var med på å stifte forfattarstudiet i Bø, og 1968-68 var ho ein del av miljøet kring det innflytelsesrike litteratur og samfunnskritiske tidsskriftet Profil. Kåre Lunden er sivilagronom og historikar. Markant professor ved Universitetet i Oslo gjennom mange år, med heile spennet frå vikingtid til hamskifte, frå 850 til 1850 som forskings- og undervisningsområde. Kåre Lunden særmerkjer seg med eit folkeleg, levande språk og med sterke synspunkt og teoriar. Han har også fått prisar, mellom andre Klassekampen sin kulturpris Neshornet og Norsk Språkpris. – Vi har lagt opp til eit program som vi vonar både lek og lærd vil finne interessant og oppmodar alle litteratur og samfunnsinteresserte til å leite opp programmet på Naustdal kommune sine vevsider, avsluttar Trine Falkenstein.

Arrangementet er støtta av Fritt Ord, Norsk Kulturråd og Sogn og Fjordane Fylkeskommune.

Sjå www.naustdal.kommune.no for program og meir informasjon.

Naustdalsantologien Som ein del av festdagen vert Harald Jarl Runde og Naustdal Sogelag si bok ”Her er så fagert ved høge lid” presentert. Boka inneheld 86 utvalde skjønnlitterære tekstar av eit femtital kjende og mindre kjende forfattarar og skribentar med tilknyting til Naustdal. Her er lyrikk, salmar, forteljingar, noveller, utdrag frå romanar, essay, morostubbar og ikkje minst, den halvveges gløymde sjangeren reisebrevet. Tekstane har alle vore på trykk før. Det er såleis blitt ei spennande reise over kva som har rørt seg på det litterære området i soknene Vevring og Naustdal – og no Naustdal kommune – i over 150 år. Den djuptgripande vekkinga og mektige åndsrørsla med hovudtyngd i Vevring og Bru frå 1830-åra avla forfattarar, lyrikarar, salmediktarar og skriveføre emissærar, prestar og misjonærar. Dei framstormande og radikale ungdomane i Naustedalen frå kring 1900 avla målmenn, bladmenn og forleggarar. Og så har me ”Alle dei andre” som ikkje let seg setje på bås. Takka vere rause gåver frå Kulturetaten i Naustdal kommune, Sparebanken i Sogn og Fjordane og Noregs Mållag har prosjektet late seg gjennomføre. Elevane i 6. og 7. klasse ved Naustdal Barne- og Ungdomsskule har hatt som prosjektoppgåve å lage illustrasjonar som vert stilt ut på festdagen for Eldrid og Kåre Lunden. Antologien kjem ut i høve at Naustdal Sogelag i år er 20 år gammalt.
Vil du vite endå meir? Ring til: Arne Kleiva, Naustdal Mållag tlf. 47 17 00 11

This entry was posted in Bøker og hefter. Bookmark the permalink.

One Response to Fest for syskena Eldrid og Kåre Lunden

  1. Hei og takk for en hyggelig helg med stand etterfulgt av festaften. Jeg har lest flere av tekstene i denne samlingen.. Imponerende arbeid. Ser fram til å bli bedre kjent med boka og de ulike forfatterne som er representert. Lykke til videre med formidlingen av boka!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.