Tilbakemelding sogeskrift 2009

Sogelaget har fått fleire tilbakemeldingar på baksidebildet. Kan sitere frå brev skrevet av Inge Eiksund som bur i Ullalandsområdet der bilete er teke. Han skriv at same fotoet finn ein i Bygdebok for Naustdal band II side 276.

Sitat: «Personane på fotoet er frå venstre Andreas, Kristianna og ei tenestejente ein ikkje veit namnet på. Framme står omlag 5 år gamle Tomina.
Andreas vaks opp på Kleiva, bnr.1 Bøen. Vart gardsdreng på Ullaland, bnr. 1 Nilstunet, vart gift med yngste dotter på garden, Kristianna. Ho levde til ho var nesten 111 år gammal, dei ca. 20 siste åra på Naustdal Alders- og sjukeheim.
Dei fekk to døtre, Tomina f. 1905 og Maria, f. 1908.
Tidlegare eigar av Nilstunet hadde kjøpt nabogarden Vellene, og åtte dessutan ein husmannsplass, Hogen.
Kristianna hadde tre brør som vaks opp, Kristoffer, Olai og Tomas. Alle tre reiste til Amerika og vart verande der. Eldste søstera, Oleanna vart gift med Kornelius Helle og dei fekk plassen Hogen (bnr.6). Ei søster, Berte Marie, var helseveik, men levde til ho var over 80 år. Søstera Anna vart gift med Nils Nydal frå Holsen. Dei fekk den delen av garden som hadde vore Vellene. Kristianna fekk overta gamletunet.
Om slekta elles finn ein i bygdeboka under gardsnamnet Ullaland, og vil der m.a. sjå at fleire av den store syskenflokken døydde heilt unge.

Dette innlegget vart lagt inn i Bøker og hefter. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.