Naustdal Sogelag har etter at dei gav ut heftet om stølane til Berg, Svoa, Fimland, Nes, Svorstøl, Vonastranda og Vona, fått spørsmål om det hadde lete seg gjere å gje ut eit hefte med stølsdagbøkene til Johan Indrekvam som vi hadde eit utdrag frå i dette stølsheftet. Sogelaget har no fått løyve av Siv Gustavsen, dottera til Johan Indrekvam, til å lage eit hefte der vi trykker stølsdagbøkene. Dette blir då på ein måte eit minnehefte om John Indrekvam, der vi i tillegg til stølsdagbøkene, også har med bilete av måleri som Johan har laga og private bilete av Johan Indrekvam. Sidan vi har vore så heldige å få løyve til å gjere dette, synest vi dette er ein god måte å få heidra ein framifrå kunstnar frå Naustdal. Johan elska Vonafjella, og mange av måleria hans har motiv frå dette området. Vi vil inn i mellom kvar stølsbok, komme med private bilete og bilete av ein del av dei mange måleria hans. På slutten då synet begynte å svikte, gjekk han over til å lage kolteikningar. Vi vil også presentere nokre av desse. Vi vil få takke familien for den velvilje dei har vist ved at vi får lov å trykke desse personlege dagbøkene. Håper de vil kose dykk like mykje som vi har gjort med desse unike bøkene.
Innhald:
Johan Indrekvam ti minne.
Private bilete av Johan Indrekvam
Stølsdagbøkene 1963
Bilde av Johan Indrekvam på Vonastølen når han måler og i godt lag.
Stølsdagbok 1964
Måleri av Johan Indrekvam
Stølsdagbok 1965
Fleire måleri av Johan Indrekvam
Stølsdagbok 1966
Kolteikningar av Johan Indrekvam
Kunstmålar Johan Indrekvam
Stølsbilete tatt av Siv Gustavsen
