Tunsblakka 1932

Dette er Tunsblakka, «med kvit sløyfe»som Bendik H. Erdal kjøpte i Angedalen i Førde i 1932. Sonen til Bendik, Leiv Erdal som den gongen var 17 år var nede på bryggja og henta følet som kom med fylkesbåten frå Førde. Han hugsa godt at han leidde det ned til tunet. Mor til Tunsblakka var 2. premie hoppa Blanka og far var Hombre.

Seks år gamal fekk Tunsblakka 1. premie Du kan lese meir om Tunsblakka og om «litt til» i sogehefte for Naustdal 2011.

#400, gnr.99.1 «Ut i Tuna», Eigar og Info: Bjarte Erdal, År: 1938, Fotograf: Olav Karstad,  *8401

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.