Koner frå Mitredalen 1930

Første rekke framme frå venstre:
Olianna Agledal (Agledals-Olianna), Andrea Fitje (Andrea i Eineholene), Helina Fitje, Kristianne Kalland f. Savland, Stefina Sørebø f. Savland, Birte Urbø, Juditta Lien f. Hamre.
Andre rekke: Sofia Ullaland, Lovisa Sørebø f. Sæle, Olianna Aamot f. Ospehaug, Helene Løtuft f. Løtuft, Nille Øvre-Kalland f. Svarthumle, Olianna Fitje f. Sæle,  Kristianne Ullaland f. Ullaland.
Bakre rekke: Anna Nordheim f. Herstad, Cisilie Birkeland, Maria N. Aamot, Johanne Løtuft.

Kjelde: Inge Fitje, År: 1930 åra, Foto: Ukjent, Eigar: Bård Sørebø,   *2266

Eitt svar til Koner frå Mitredalen 1930

  1. Inge Fitje seier:

    Gruppa er ein del av misjonsforeininga blant kvinnene i mitredalen Naustdal. Eg saknar nokre av medlemene som eg med sikkerheit veit var med. Misjonskvinnene helt møte i stova til Birte Urbø (Birte i Gjæra) så langt attende som eg kan hukse. Huset til Birte var ikkje så stort og korleis alle fekk plass kan ein undre seg over, men der det er hjarterom er det husrom heiter det. Misjonsforeininga hadde årviss basar i Ullaland skule kyndelsmissdag (2 februar). Der var mange matnyttige gevinstar, laga av mannfolk og kvinner. River, ljåorv, strompar og kar, heimespyta sokkar og vottar, vovne og hekla gjenstandar og ymse anna. Alt var laga av grendafolk. Vi ungane fekk vere med på moroa. Hugsar med sikkerheit at lodda kosta 20 øre, truleg var dei billegare tidlegare. Mitt minne går attende til siste halvpart av 1930 talet. Det var oppbyggande tale av ymse mannfolk som var sjikka til det, aldri kvinner. Mat og kaffi, song og musikk. Ein stor og viktig dag for grenda, folket og det sosiale liv.
    Kva for anledning bilete er teke og kor henne er vanskeleg å vite i dag men truleg var det ein viktig anledning, kanskje eit jubileum. Ser ut som det har vore ein god fotograf. Kan vere Johannes Furehaug (fisten) men han brukte å sette namnet sitt på bileta.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.