Kleivabui i nyare tid

Her er eit nyare bilete av Kleiva-bua. Frå syttitalet skjedde eit vendepunkt i handelsnæringa i Naustdal. Mange private butikkar la ned drifta. Dei som var att vart reine daglegvarebutikkar med få spesialvarer. Konkurranse med Førde blei for stor.
MS Kleiva vart avvikla i 1980. Bua vart riven ikkje lenge etter.

I NB3 står: Brørne Martin og Salmund Kleiva tok til med butikken i 1903. Butikken var ein allsidig landhandel og formidla og mange slags varer frå bøndene, som bær, skinn, smør, bork, staur, mm. Frå 1937 hadde dei og bensinsal.

År: 1980?. Foto: Inge Fitje,  *2308

2 svar til Kleivabui i nyare tid

  1. Inge Fitje seier:

    Dette biletet av Kleivabua liknar svært på eit eg tok like før rivinga tok til. Dessverre var eg uheldig og ikkje fekk med heile bua men til trøyst fekk eg med gamle Gundersløa, kanskje siste foto av den.
    Ei lita soge frå aprildagane 1940 kan vere interesant for ettertida.
    På kleivabua og sikkert på andre krambuer var det lagra til dels mykje matmjøl, folk kjøpte mjøl i 100 kg. sekker i den tid. Truleg var krambueigarane redde for at mjølet skulle verte overteke av dei nye styresmaktene. Mjølet vart derfor send ut til ymse gardar i bygda for å bli gøymt og teke vare på. Hugsar bror min Bjarne kom med to mjølsekkar som vart gøymd i ei utløe på Fitje for ei tid. Etter ei tid vart mesteparten av mjølet levert attende til dei rette krambueigarane. Det gjekk rykte om at ikkje alle mjølsekkane vart levert attende. Kan minnast det vart fortaldt om ein hest som hadde kome over ein mjølsekk og ete opp mesteparten.

  2. Da er fotograf oppklara. Har du årstal og tok du fleire bilete den gongen. Har du filmen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.