Huslyd Johan Kalland 1903

Johan og Kristianne Kalland dreiv garden «I tuna» frå 1896 til 1921. På bilete ser vi huslyden med 5 born. Kven som er kven håper vi innspel på. Her er namna på alle borna. Moses Andreas f.1890, Oliver Martin f.1892, Andreas Matias f.1895 d. 1904, Maria f.1897, Lovisa f.1899 og Johanna f.1903. Her er tre gutar so at bilete kan være frå før Andreas døde i 1904. Da må minstejenta vere omlag 1år.

#80, gnr.135.2, Foto: M. Gundersen, Eigar: Bård Sørebø, År: omlag 1905,   *3105

2 Responses to Huslyd Johan Kalland 1903

  1. Magn Stuhaug says:

    Johan og Kristianne er mine oldeforeldre .

    Dette bilde er nok teke våren 1903 , då Johan la ut på sin fyrste tur til Amerika . Framme frå venstre står dottera Maria som då er 6 år . på fanget til mora sit Lovisa som er 4 år . Bak står frå venstre Oliver , som då er 11 år . Moses som er 13 år , og Andreas som er 8 år. Etter at Johan var reist , vart yngste dottera Johanna født den 18 desember 1903 . Johan kom heim att i 1906 .
    Dette er kansje einaste bilde som er av Andreas .
    Våren 1904 vart han sjuk , og i kyrkjeboka står det at han død den 26 april , begravd den 3 mai , og jordfesta den 17 juli . Dødsårsak , hjernebetennelse .
    Moses som er min bestefar , fortalde at han og Oliver gjekk til Byrkjelandssvartevatnet, som ligg eit stykke forbi Smådalestølen, og henta isstykke som broren skulle få på hovudet . Det var det einaste som lindra smerta ,for han verkte mykje .
    Dette er ein tur på over to timars gange frå Kalland .
    Johan var endå ein tur til Amerika ,frå 1910 til 1914, begge ganger tømmerhogst i Tacoma området .
    Bestefar min Per R Stuhaug , var og i Tacoma i denne perioden . Han fortalde at han trefte Johan der fleire gonger på samlingar for dei norske som var i området .
    Det var nok ikkje nauda som dreiv han til desse Amerikaturane , men heller eventyrlysta.
    Han hadde planlagt sin tredje tur i 1922 i ein alder av 57 år , men den vart det ikkje noko av. I staden reiste sonen Oliver , det var kansje like greit . Han reiste frå Bergen den 31 oktober , med Canadien Pacific , og kom heim til jul 1928 .
    I staden fekk Moses overta hovudbruket , og Johan skilde frå Flatene , som i dag er bruk nr 12 Indrebø , og starta oppbygging av dette . Floren vart bygd først , og så stovehuset , som dei flytta inn i til jul 1926 .
    Johan døydde i 1930 , og Kristianne i 1952 . Henne hugsar eg at ho kom på besøk fram i tune .
    Det var mystisk å spennande for ein unge når ho kom fram over gamlevegen , svartkledd med stav og svart klut på hovudet .

  2. Fine opplysningar du kjem med som auker verdien på fotosamlinga. Førebels kan teksten stå som han står. Seinare kan han flyttast lengre oppe. Takker for innspel.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.