Gravferd i 1914

Bilete er teke ved Naustdal kyrkje. Gravferdsfylgje er frå Mitredalen i Naustdal. Han som ligg i kista er Nikolai Hamre fødd Savland. Fotograf er Olai Fauske og året er truleg 1914. Har blåst opp deler av bilete med tal. Det er difor tid for å skrive inn namna på personane. Truleg har bilete stått i Firda med namn. Nokon som har klypt det ut?. (Helsing skrifts-styret i Sogelaget)

Eg finn ein Nikolai Matias f. 1857 d. 1912 på Stord. Kan det være han. Bok 2 side 354 og side 585 på Byrkjeland. Han var gift med Kristina Eimhjella.

Var det vanleg på den tida å sende kista den lange vegen frå Stord til Naustdal, om ein døde utanom heimen. I dette tilfelle på Stord.

gnr.134.2, År: 1912 eller 1914 Info og eigar: NFS, Foto: Olai Fauske,                *3828

One Response to Gravferd i 1914

  1. Inge Arne Fitje says:

    Nikolai Matias Andersson Hamre var fødd på Savland (Savlandsgjelet) 1857. Gift på Savland 1880 med Kristina Persdotter Eimhjellen fødd 1843 i Eimhjella, død 1894 på Byrkjeland. Dei hadde bruk nr. 2 på Byrkjeland og fekk 3 born der. 2 døydde unge, nr. 3 Anders Per reiste til Amerika.
    Nikolai gifte seg 1895 på nytt med Anna Maria Andersdotter som var enke på Hamra.
    Ho var fødd på Hamra 1851, død 1931.
    Nikolai døydde 1912 på Stord.
    Kan nemne at Anna Maria Andersdotter var mor til den kjende bladmannen Anders Hamre, men der var i første ekteskapet med Ola Andreas Jakobsen frå Rotenes.
    Person nr. 2 på biletet kan vere Søren Fitje.
    Sjå bygdebok bind 2 for Naustdal, side 298 354 og 585.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.