Garden Smådal (1935)

Bilete syner gardstunet i Smådal (Dei gamle husa) I registreingsskjema står skrevet:

1. Eigar i 1867 til 1894 var Bertel Zakkariasson Erikstad f. 1831 i Jølster. Gift med Synneva Eriksdotter i 1832 i Jølster. Familien flytta hit i 1867 frå Sårheim i Jølster. (side 655 i sogebok II) Dei fekk 8 born der nr 2 (Nikolina) tok over garden i 1894. Gifta seg med Gabriel  Karlsson frå «Kvia» på Svoa. dei fekk 4 born der eldstemann Karl Erik Smådal tok over garden i 1920. Han gifta seg med Inger Åmot frå Åmot gard. Frå 1965 tok Gudmund Smådal over garden saman med Oddlaug Stuhaug f. 1950 frå Nedre Kalland.

I bakgrunnen skimtar vi Solheimsgrenda.

gnr.138.1, Eigar: Ingolv Eimhjellen Foto: Karl Smådal,  År: 1935,   *1711

One Response to Garden Smådal (1935)

  1. Inge Fitje says:

    1867 Reiste ei heil familie frå Smådal til Amerika. Erik Eriksen Smådal 54 år,
    Berthe 38 år, Erik 21 år, Niels 17 år, Andreas 12 år og Anders 9 år.
    Dei reiste frå Bergen 10 mai 1867 med seglskuta «Norden» og etter kring 5 veker kom dei til Quebec i Canada. Ferda vidare til USA gjekk med tog. Det var fleire frå Naustdal som reiste på same dato med same båt. Sikkert ei strevsam reise, dei måtte sjølv ha med både mat og drikke på reisa.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.