Flagging på Vona under krigen

Egil Eimhjellen fortel:

Bilete er frå stølen på Vonastranda ved selet til «Folkvang» garden på Fimland. Truleg eit av dei siste krigsåra. Vi våga å ta ut flagget der inne, men ikkje heise det. Personane er:
Under flagget sit Edvard Fimland med borna fv.: Bjørg Eimhjellen?, Liv Hjelle Førde og meg (Egil Eimhjellen). Ein ukjend gut sit rett over geita. Gjeita er bukkekjeet til Kåre Hjelle.

Øvre rekke fv.: Alv Fimland Svorstøl, Marte Mortensen-Florø (jenta under), Ingolf Fimland (i svart), Kåre Eimhjellen (kvit), Arnold Jakobsen-Bergen (svart), Johannes Kronstad-Voss, Sverre Indrebø (kvit-bak), Halaus? Fimland (svart), Målfrid A. Fimland, Eldfrid Eimhjellen (bak mot vindu), Kjellrun Hjelle – Førde og sist Norvald Fimland-Florø (han held flagget). Til høgre for huset kan vi skimte Fru Kristine Mortensen-Florø

Egil seier videre at biletet er truleg teke i høve ein fødselsdag. vi takker Egil for verdifulle opplysninger. Enda eit bilete er oppklart. Er det nokon som veit meir-så skriv under her.

gnr.127,  Eigar : Jorunn Fimland, År: 1943/44, Info: Egil E, Foto:         ,   *8108

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.